Hedningsamfunnet

Hedningsamfunnet (tidlegare Det norske Hedningsamfunn, forkorta DnH), forkorta HS, er ei partipolitisk uavhengig rørsle som motarbeider kyrkja og innverknaden til kristendomen i Noreg, og kjempar for å skilja stat og kyrkje. Rørsla vart stifta i 1974.

Logen til DnH.

«Heidning» (norrønt heiðingi, truleg samband med 'hei') kan vera eit nedsetjande omgrep om nokon som ikkje høyrer til ei «godkjend» tru (ofte jødedommen, kristendommen og/eller islam), eller eit omgrep personar som ikkje identifiserer seg med ein slik religion brukar om seg sjølv.

Ordet «heidning» kan eigentleg tyda 'ein som bur på heia'. På latin brukte ein ordet paganus, 'landbuar' som omsetjing av Det gamle testamentet sitt hebraiske gojim og Det nye testamentet sitt greske ethne, som tyder 'folk', 'folkeslag'. HS kallar seg sjølv ein humanistisk, antireligiøs frigjeringsrørsle. Organisasjonen arbeider for livssynsfridom og motarbeider kristen og muslimsk innverknad. HS er kjent for provoserande aksjonar.

Hedningsamfunnets føremålsparagrafEndra

Hedningsamfunnets føremålsparagraf er: «Hedningsamfunnet er ein organisasjon for menneske som ikkje trur på gudar eller vedkjenner seg seg til nokon religion. Vi arbeider for å fremja toleranse og menneskeverd, og kjemper mot religiøs intoleranse. Vi arbeider for å fremja høvet til menneske for livsutfoldelse, og stimulerer den frie tanken. Vi arbeider for livssynsfridom, som omfattar så vel religionsfridom som fridom frå religion. Gjennom å appellera til medmenneskeligheit og sunn fornuft, og ved å kritisera religiøse vrangforestillingar, vil vi bidra til eit betre samfunn og lukkelegare menneske.»

HistorikkEndra

OppstartenEndra

Dei første som tok opp idéen om Hedningsamfunnet var Sigurd Hasle og Espen S. Ore; to medarbeidere i det motkulturelle tidsskriftet eitt blad i Oslo. Detta var i januar 1973. 20. januar 1973 vart det sendt ein søknad til Justis- og beredskapsdepartementet. Dei ynskte å få namnet godkjent, noko som var første steg i retning av å godkjennast som trossamfunn. Departementet svara at dei først ville ha oppgjeve medlemsstall og trosbeskjennelse, og Hedningsamfunnet hadde ingen av delane. Arbeidet gjekk så inn i ein dødfase som varte fram til våren 1974. Aktiviteten fekk då eit oppsving, og det vart sendt ut ei pressemelding våren 1974 om at Hedningsamfunnet var stifta, sjølv om samfunnet enno ikkje var vorte formelt stifta. 2. november 1974 vart det konstituerande møtet halde, og ein var cirka 60 medlemmar i starten. Dei tre som stifta Hedningsamfunnet i 1974 var, Terje Olerud (no Emberland) Audun Eckhoff og Knut Ås. Seinare òg Kjetil Wiedswang. Hedningsamfunnets første leiar var Auduns bror, arkitekten Dagfinn Eckhoff. Auduns og Dagfinns far, omsetjaren og NRK-mannen Erik Eckhoff, var Hedningsamfunnets informasjonssekretær frå 1974 til 2000. Verksemda vart frå starten av drevet med utgangspunkt i familien Eckhoffs leilegheit i Collettsgate, og då dei flytt, vart det innredet kontor i kjellaren av det same huset.[1]

AksjonarEndra

1975: Aksjonar og protestar mot Den norske kyrkja etter at det vart avsløra at det vart utført eksorsisme i Dnk.

1977: Aksjon mot politikarmøte i Sarons Dal.

DnH ville protestera mot Aril Edvardsen, og politikarar som stilte opp for han.
1978: Aksjon mot ei gudsteneste i Slottskapellet.

Detta vart gjort for å konfrontera studentprest Jan P. Hagberg med utsegner han hadde kome med i Universitas.
1980 og 81: Undersøking i regi av DnH for å visa lavt gudstenestebesøk i Dnk.
1989: I samanheng med Besøket til paven i Oslo arrangerte DnH «Katolsk varemesse» med sal av heimelaga relikviar, blant anna «Heilag Ånd på flaska».
1995: I samband med feiringa av 1000-års jubileet for kristningen av Noreg aksjonerte DnH på Mostar.
Dei braut inn i seremonien med eit banner med påskriften «1000 år er meir enn nok!» Aksjonen fekk stor merksemd.
2000: I samband med at World Islamic Mission søkte om å få ropa ut bønnerop frå minareten, søkte DnH om å få kalla til inn sina møte på same måte.
Begge søknadene vart løyvd. Aksjonen fekk stor merksemd, både i Noreg og i utlandet.[2]

PublikasjonarEndra

Medlemsbladet til DnH heiter Oss Heidningar Imellom. Frå 1975 til 1987 gav dei òg ut eit eksternt blad – Tro DET. Seinare gav dei, saman med Religionskritisk Forlag, ut fire nummer av teikneseriebladet Jesus Kristus & Co. Det første nummeret vart meldt for blasfemi av Kvinnene til Kristeleg Folkeparti. Riksadvokaten innhenta ei teologisk ekspertutsegn frå professor, dr. theol. Inge Lønning, som gav bladet attest for å innehalda «uvanleg ondartede» gudsbespottelser. Lønning innsåg likevel at ei straffesak ville gje utgiveren hjelp «til å distributere sina hånlige og krenkjande ytringer» og ville difor ikkje rå til tiltala. Meldinga vart henlagd.[3] I 2011 kom DnH med eit nytt eksternt blad – "Holy Crap".

StyreleiararEndra

Nemninga på styreleiaren til samskipnaden var i perioden 1974–1983, i namnet til likestillinga, forkvann. Årsmøtet vert halde i oktober/november.

  • 1974-78: Dagfinn Eckhoff
  • 1978-79: Terje Sværd
  • 1979-80: Tom Egil Berland
  • 1980-83: Harald Fagerhus
  • 1983-91: Dagfinn Eckhoff
  • 1991-92: (ingen leier)
  • 1992-93: Erlend Bronken (nestleiar)
  • 1993-94: Harald Fagerhus
  • 1994-97: Halvor Vert rakna Johansen
  • 1997-99: Harald Fagerhus
  • 1999-2002: Alastair Grant Mackenzie
  • 2002-03: (ingen leier)
  • 2003-07: Harald Fagerhus
  • 2007-08: Morten Rølling
  • 2008: Dagfinn Eckhoff (Ekstraordinært årsmøte i mai)
  • 2008-12: Dagfinn Eckhoff
  • 2012-14: Eystein Emberland
  • 2014-15: Siv Sinober
  • 2015-16: Torleif Werenskiold
  • 2016 - : Morten Guldberg

ÆresmedlemmerEndra

Følgjande er for tida æresmedlemmer i Hedningsamfunnet:

  • Dagfinn Eckhoff
  • Ronnie Johanson
  • Harald Fagerhus

KåringarEndra

Hedningsamfunnet har ulike kåringar der dei gir merksemd til dem dei meiner fortener det. «Kristendummen» er ein nidpris, men dei kårar òg «Æreshedninger».

Initiativtakar til prisen Kristendummen i 1994 var Ronnie Johanson, som òg har stått for alle seinare utdelinger.[4] Prisen går til kulturpersonlegdomar som har gjort seg merka med lite velvalgte ord om kristendomen.

"Æreshedning" vart instiftet i 2007. Då avgjorde DnH seg for å gje ei utmerking til personar som stod for religionskritikk utan å vera medlemmar av DnH. Same år utnemnde dei Kristopher Schau, Øystein Karlsen og Morten Ståle Nilsen, personane bak TV-serien «Dei sju dødssyndene» til Æreshedninger.[5]

ReferansarEndra

  1. Kort om Hedningsamfunnets historie 1974-2004 Oppstarten
  2. Oslo's rooftoop religious rivalry
  3. Jezzus
  4. Kristendummen
  5. Det Norske Hedningesamfunn.

KjelderEndra

Kort om Hedningsamfunnets historie 1974-2004

BakgrunnsstoffEndra