Heerenveen

Heerenveen (vestfrisisk It Hearrenfean) er ein kommune i provinsen Friesland i Nederland med 50 175 ibuarar per 1.4.2016, og med eit flatemål på 187,8 km². Knapt 30 000 menneske bur i sjølve byen Heerenveen, resten held hus i 15 landsbyar.

Heerenveen
kommune
21169 Heerenveen Crackstate 2.jpg
Land Flag of the Netherlands.svg Nederland
Kart
Heerenveen
52°57′57″ N 6°3′1″ E
Wikimedia Commons: Heerenveen (municipality)
Rådhuset i Heerenveen

Byen Heerenveen vart grunnlagd i 1551. Han har særleg vokse mykje etter andre verdskrigen, og er i dag ein av dei største i Friesland. Byen er særleg kjend for skeisehallen Thialf, der det sidan 1970 har vort arrangert over 40 ulike internasjonale meisterskap i lengdeløp på skeiser. Også den lokale fotballklubben SC Heerenveen har markert seg med sine nasjonale prestasjonar. Sykkelfabrikanten Batavus, med om lag 700 tilsette, har ei over hundreårig historie og eksporterer over halvparten av den årlege produksjonen.

YmseEndra

Økonomen Wim Duisenberg og skeiseløpararane Falko Zandstra og Sven Kramer er frå Heerenveen.

Ei rad norske fotballspelarar har gjort teneste i SC Heerenveen, mellom dei Børre Meinseth, Thomas Holm, Daniel Berg Hestad, Christian Grindheim, Tarik Elyounussi og Martin Ødegaard.

 
Utsyn over Heerenveen

KjelderEndra