Hege Myklebust (fødd 20. februar 1970) er ei norsk målkvinne og akademikar.

Hege Myklebust
Fødd 20. februar 1970
Verv Leiar i Noregs Mållag
Periode 2006-2009
Føregangar Nils Ulvund
Etterfylgjar Håvard B. Øvregård

Hege Myklebust var leiar av Noregs Mållag frå april 2006 til april 2009. Ho har vore dagleg leiar i Norsk Målungdom og Noregs Mållag, og var styremedlem i Noregs Mållag frå 1998 til 2000.[1]

Myklebust var generalsekretær i Nei til EU frå 1998 til 2001.[1] Ho er rådsordførar for rådet i Samlaget, og var styreleiar i Litteraturselskapet frå 2017 til 2019. Sidan 2018 har ho vore varamedlem til styret i Språkrådet.

Myklebust var høgskolelektor ved Høgskolen Stord/Haugesund og vart seinare førsteamanuensis ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved etterfølgjarinstitusjonen Høgskulen på Vestlandet.[2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Hege Lothe (30.04.2006). «Hege Myklebust er ny leiar i Noregs Mållag». nm.no. 
  2. «Hege Myklebust - Høgskulen på Vestlandet», www.hvl.no, henta 27. januar 2019 


BibliografiEndra


BakgrunnsstoffEndra