Heggelia i Målselv

Heggelia er ein tettstad i Bardufossområdet på grensa mellom Målselv og Bardu i Troms. Med 966 innbyggjarar per 1. januar 2023 er Heggelia den største tettstaden i Målselv kommune. Hovudkvarteret til Brigade Nord ligg her, saman med militærleirane Heggelia leir og Rusta leir, der Sambandsbataljonen og Stridstrenbataljonen held til.

Heggelia
stad

Foto: Aslak Raanes

Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Målselv
Del av Bardufoss
Areal 1,61 km²
Folketal 966  (2023)
Folketettleik 600 / km²
Preposisjon i Heggelia
Kart
Heggelia i Målselv
69°02′40″N 18°30′37″E / 69.044444444444°N 18.510277777778°E / 69.044444444444; 18.510277777778
For andre stader som heiter Heggelia, sjå Heggelia

Bardufoss VGS ligg her. Det gjer òg Bardufoss skistadion, som i 2004 var ein av stadane der Ski-NM 2004 føregjekk. På Heggelia ligg også det nye fleirbruksbygget i kommunen, Istindportalen, som mellom anna inneheld bibliotek, kino og idrettshall.

I Heggelia finn ein òg Svingen Pub kor mange hundre soldatar frå området ofte samlar seg.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.