Heidi Gjermundsen Broch
Heidi Gjermundsen Broch (fødd 1. mars 1975 i Råde som Heidi Gjermundsen) er ein norsk skodespelar og songar tilsett på Det norske teateret.
Heidi Gjermundsen Broch | |||
Fødd | 1. mars 1975 (49 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Råde kommune | ||
Verka som | skodespelar, songar | ||
Ektefelle | Nicolai Cleve Broch | ||
Prisar | Den norske kritikerprisen, Heddaprisen for beste kvinnelige skuespiller |
Broch er utdanna på Paul McCartneys Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA) i 1995-1997 og Teaterhøgskulen 1997-2000.
Ho starta karrieren med hovudroller i stykka Ronja Røverdatter og Keisaren av Portugalia på Det Norske Teatret. Etter det har ho hatt roller i musikalane My Fair Lady, Piaf, Musical Musikal og Bør Børson Jr. Ho var i 2005 og 2006 aktuell i revyen 100 år i rødt, hvitt og blått og hausten 2005 hadde ho ei sentral rolle i Shakespeare-stykka Richard II. Ho har i tillegg hatt roller som An-Magritt og dessutan som Polly Peachum i Tolvskillingsoperaen og som Donna i ABBA-musikalen Mamma Mia! på Folketeateret i Oslo i 2009.
I 2011 mottok ho både Heddaprisen[1] og Teaterkritikarprisen i kategorien for beste kvinnelege hovudrolle for si rolle som Diana i musikalen Next to Normal.[2]
Broch er gift med skodespelaren Nicolai Cleve Broch og har to barn saman med han.
Kjelder
endre- ↑ Heddaprisen (3. april 2017), «2011», Heddaprisen (på hebraisk), henta 9. november 2021
- ↑ «Teaterkritikerprisen til Heidi Gjermundsen Broch», Kritikerlaget (på norsk bokmål), henta 9. november 2021
- Denne artikkelen bygger på «Heidi Gjermundsen Broch» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2021.