Heikki Holmås

norsk politikar

Heikki Eidsvoll Holmås (fødd 28. juni 1972) på Voss i Hordaland er ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti, son av forfattaren Stig Holmås og ingeniør/tekstilarbeidar Ingebjørg Monsen. Han var stortingsrepresentant frå Oslo i periodane 2001-2005, 2005-2009, 2009-2013 og 2013-2017. Før det var han vararepresentant i perioden 1997–2001.[1]

Heikki Holmås
Heikki Holmås 01.jpg
Heikki Holmås i 2008
Foto: SV
Fødd28. juni 1972 (49 år)
Voss herad
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
Utdanna vedBergen Katedralskole
FarStig Holmås
EktefelleSunniva Holmås Eidsvoll
VervLeiar i Sosialistisk Ungdom 1996–1999
FøregangarAndreas Tjernshaugen
EtterfylgjarKari-Anne Moe
VervUtviklingsminister i regjeringa Stoltenberg II 23.3.2012–16.10.2013
FøregangarErik Solheim
EtterfylgjarNikolai Astrup
VervStortingsrepresentant 2001–2017

23. mars 2012 vart Holmås utviklingsminister i Regjeringa Stoltenberg II, ein posisjon han sat i til regjeringa gjekk av den 16. oktober 2013.

Holmås er tidlegare sentralstyremedlem i Norges Gymnasiastsamband, og tidlegare leiar i Sosialistisk Ungdom.

StortingskomitéarEndra

KjelderEndra

  1. «Biografi: Holmås, Heikki Eidsvoll», Stortinget (på norsk bokmål), henta 14. mai 2019 

.

BakgrunnsstoffEndra