Heilage tysdag eller store tysdag (gresk Μεγάλη Τρίτη, Megale Trite)) er tysdagen i den stille veka eller veka før påske i kristendommen.

Frå eit opptog i Ceuta på heilage tysdag.

Austleg kristendom

endre
 
Likninga om dei ti brudejentene (frå Rossano-evangelia).

I orthodoks kristendom, den armenske apostoliske kyrkja og i orientalske katolske kyrkjer som følgjer bysantinsk ritus blir dagen kalla «store tysdag» eller «store og heilage tysdag». Denne dagen markerer ein Likninga om dei ti brudejentene (Mat. 25:1-13). Dette vidarefører tema for den stille veka om å vera årvaken og om Kristus som brudgom. Likninga om talentane (Matt. 25:14-30) blir også teken opp i salmesong denne dagen.[1]

Ottesonggudstenesta frå måndag til onsdag i den stille veka er kjend som brudgomgudstenesta eller brudgombøna, noko som blir uttrykt i ein troparion ein messer ved byrjinga. Eit ikon av Kristus brudgom, kledd i lilla kappe med tornekrone på hovudet, blir plassert på ein analogion i midten av tempelet.

Gjennom dei tre kvardagane av den stille veka les ein heile teksten av dei fire evangelia, med ein stopp ved Joh. 13:31. Tekstane kan delast inn på ulike vis, men på tysdagen les ein gjerne andre del av Markusevangeliet og to tredelar av Lukasevangeliet.[2] Ved den sjette timen les ein også Esekiel 1:21-2:1.

Vestleg kristendom

endre
Video frå ein prosesjon i Valladolid.

I den katolske kyrkja les ein Jesaja 49:1-6, Salmane 71:1-6 og 71:17, Første Korintarbrev 1:18-31 og Joh. 13:21-33 og 13:36-38.

Revised Common Lectionary, fastsetjinga av prekentekstar brukt i mange anglikanske, metodistiske, lutheranske, gammalkatolske og reformerte kyrkjer,[3] har Jesaja 49:1-7, Salmane 71:1-14, Første Korintarbrev 1:18-31 og Joh. 12:20-36 som bibeltekstar for denne dagen.[4]

Kjelder

endre
  1. Kallistos (Ware), Bishop; Mary, Mother (1978), The Lenten Triodion, South Canaan PA: St. Tikhon's Seminary Press (publisert 2002), s. 59–60, ISBN 978-1-878997-51-7 
  2. Kallistos 1978.
  3. Holmes, Stephen Mark (1 October 2012). The Fathers on the Sunday Gospels (på engelsk). Liturgical Press. s. 22. ISBN 9780814635100. «The Revised Common Lectionary has been subsequently adopted by many English-speaking Protestant denominations such as the Church of Scotland and various Methodist, Lutheran and Reformed Churches. It has also been adopted by some Old Catholic Churches and is widely used throughout the Anglican Communion, for example by the Church of Ireland, Scottish Episcopal Church, Church in Wales the Episcopal Church (USA) and the Anglican Churches of Canada, Australia, Aotearoa/New Zealand and Polynesia, Melanesia, the West Indies, Central Africa, and Southern Africa. In the Church of England the two-year Sunday Lectionary of the Alternative Service Book 1980 was replaced in 2000 by an adapted version of the Revised Common Lectionary in Common Worship 
  4. «Year A - Holy Week : Revised Common Lectionary» (på engelsk). Vanderbilt University Divinity School. Henta 22. mars 2016.