Heilsarmee
Heilsarmee (tysk for Frelsesarmeen), òg kjend som Takasa (swahili for Rein), er ei sveitsisk musikkgruppe.
Heilsarmee | |
| |
Alias | Takasa |
---|---|
Opphav | Sveits |
Plateselskap | HitMill Records |
Medlemmer | Sarah Breiter Jonas Gygax Katharina Hauri Christoph Jakob Emil Ramsauer Michel Sterckx |
Die grosse Entscheidungsshow Endra
15. desember 2012 vann Heilsarmee Die grosse Entscheidungsshow 2013 med 37,54 prosent av røystane. Dei vil dimed representere Sveits i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige med songen «You and Me».
Eurovision Song Contest 2013 Endra
Bidraget vil verte framført i éin av dei to semifinalane 14. og 16. mai 2013. 17. desember 2012 annonserte Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at gruppa måtte endre namn og sceneantrekk for å delta i Eurovision Song Contest av di det ikkje er lov med politiske eller kommersielle bodskap, i dette tilfellet for Frelsesarmeen. 14. mars 2013 bytta gruppa namn til Takasa og vil framføre songen i kvite skjortar og mørke buksar.[1]
Kjelder Endra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Heilsarmee frå Engelsk Wikipedia .
Fotnotar Endra
- ↑ «Switzerland: New name, outfit and video for Heilsarmee!» (på engelsk). ESCToday. 14. mars 2013. Henta 13. mars 2013.