Heimedatamaskin er eit forbrukarvenleg ord for andregenerasjons mikrodatamaskinar som var populære på slutten av 70-åra og heile 80-talet. Det var dåtidas masseproduksjon av sillikonbrikker gjorde prisen låg nok til at ein hadde råd til å skaffe seg ein datamaskin som ein òg kunne nytte i heimen. Desse maskinane nytta som oftast ein 8-bits mikroprosessor, som oftast MOS 6502 eller Zilog Z80.

Britiske born spelar på ei Amstrad CPC464 heimedatamaskin på slutten av 1980-talet.
foto:Adrian Pingston

Form og farge på ein heimedatamaskin kunne variere, spesielt ifrå ein produsent til ein annan. Hovudprinsippet var likevel det same: Eit tastatur, med hovudkort og TV-modulator innbygd i tastaturet. Spel og anna programvare vart lasta inn anten ved hjelp av ein ekstern kassettspelar eller diskettstasjon, eller ved at ein kopla ein programkasett bakpå tastaturet. Då slapp ein å måtte vente på at programmet/spelet skulle lastast.

Mange maskinar kunne og tilkoplast skrivar, modem, eller anna tilleggsutstyr.

Heimedatamaskinar vart nytta både som omgrep og plattform heilt fram til byrjinga av 90-talet, då ein meir og meir nytta IBM kompatible, personlege datamaskinar.

Utbredte heimedatamaskiner endre

 
Apple II, ein populær heimedatamaskin, med god fargegrafikk for den tida
 
Commodore 64, den mest selde datamaskina nokonsinne

1970-talet endre

  • Juni 1977: Apple II (Nordamerika (NA)) (fargegrafikk, åtte ekspansjonsportar)
  • August 1977: Tandy Radio Shack TRS-80 (NA) (første heimedatamaskin under USD 600)
  • Desember 1977: Commodore PET (NA) (første datamaskin med tastatur, skjerm og lagringsmedium integrert)
  • 1979: Atari 400/800 (NA) (første datamaskin med spesiallaga integrerte kretsar og programmerbar grafikkbrikke)

1980-talet endre

  • 1980: Commodore VIC-20 (NA) (under USD 300; første datamaskin som selde meir enn en million eksemplar)
  • 1980: TRS-80 Color Computer (NA) (Motorola 6809 prosessor, OS-9 multi-user multi-tasking operativsystem)
  • Juni 1981: Texas Instruments TI-99/4A (NA) (første 16-bits heimedatamaskin)
  • August 1981: IBM PC (NA) (Ikkje en heimedatamaskin i eigentleg forstand, men den første i en ny generasjon datamaskiner for personleg bruk)
  • 1981: Sinclair ZX81 (Europa) (kunne fåes både som byggesett og som ferdig datamaskin)
  • 1981: BBC Micro (Europa) (tatt fram i Storbritannia i undervisningsøyemed, med avansert BASIC og integrert assembler)
  • April 1982: ZX Spectrum (Europa) (den mest selde hemiedatamaskin i Storbritannia)
  • August 1982: Commodore 64 (NA) (verdas bestselgende datamaskin, over 30 millionar seld)
  • 1983: MSX (Japan) (eit samarbeid mellom ASCII ogMicrosoft, produsert av fleire selskap)
  • January 1984: Apple Macintosh (NA) (første på marknaden med mus og grafisk brukargrensesnitt, første hybrid 16/32-bit)
  • 1984: Amstrad/Schneider CPC- og PCW- seriar (Europa) (populær i Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland. 3 millionar CPC og 8 millionar PCW selde)
  • 1985: Atari ST (NA) (den første med innebygd MIDI-grensesnitt; også første med 1MB RAM for under USD 1000)
  • Juli 1985: Commodore Amiga (NA) (spesialbrikker for grafikk, lyd og I/O; multitaskande operativsystem)
  • 1987: Acorn Archimedes (Europa) (32-bits ARM mikroprosessor; svært kraftig då den kom)