Heimsljós (Verdens lys) er ein roman av Haldor Laxness, som kom ut i fire delar i åra 1937 - 1940. Dei fire delane er 1. «Ljós heimsins» (Verdene lys), 2. «Höll sumarlandssins» (Sommerlandets slott) 3. «Hús skáldsins» (Skaldens hus) 4. «Fegurð himinsins» (Himmelens skjønnhet). Romanen er omset til bokmål av Wilhelm Kaurin[1], og titlane i parantes er henta frå denne omsettinga. Romanen er i stor grad tufta på dagbøkene til den islandske diktaren Magnús Hj. Magnússon, men òg andre kjelder. Tittelen «Heimsljós» er henta frå dei siste linjene i diktet «Söknuður» av Jónas Hallgrímsson:

Hnigið er heimsljós,
himinstjörnur tindra.
Eina þreyi eg þig.

Boka handlar om livet til Ólafs Kárasonar Ljósvíkings, om at han veks opp på legd og vert hundsa med under oppveksten, slik at han mister helsa og vert liggande til sengs i fleire år, men vert frisk att i ungdomen då han vert «flytta» til ei anna bygd. Han er framleis veikhelsa og ikkje i stand til å gjera fysisk arbeid, og er heller ikkje interessert i det. Han livnærer seg på eit vis ved å skriva dikt for folk i bygda. Boka handlar òg kampen hans med å forstå tilværet og korleis han freistar å tyda dette i ein romanen han skriv.

Kjelder endre

  1. H.K. Laxness, Olafur Karason, Tiden norske forlag, bind I og II, 1962.