Heinrich Louis d'Arrest
tysk astronom
Heinrich Louis d'Arrest (13. august 1822–14. juni 1875) var ein tysk-dansk astronom
Heinrich Louis d'Arrest | |
![]() Heinrich Louis d'Arrest | |
Fødd | 13. august 1822 Berlin |
---|---|
Død | 14. juni 1875 (52 år) København |
Nasjonalitet | Kongedømet Preussen, Det tyske keisardømet, Tyskland |
Område | astronomi |
Yrke | astronom, universitetslærar |
Institusjonar | Københavns Universitet Universitetet i Leipzig |
Alma mater | Humboldt-Universität zu Berlin Universitetet i Leipzig |
Doktorgradsrettleiar | Johann Franz Encke |
Utmerkingar | Royal Astronomical Society sin gullmedalje Lalandeprisen (1844) |
Medlem | Det saksiske vitenskapsakademiet Det bayerske vitskapsakademiet Kungliga Vetenskapsakademien Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab Det russiske vitskapsakademiet Det saksiske vitenskapsakademiet |
Han var professor i Leipzig frå 1852 til 1857, og frå 1857 professor i København. Arbeidsområdet hans var særleg innan astrometri. Han oppdaga kometen d'Arrest i 1851. Han føretok systematisk leiting etter tåker på himmelen og offentleggjorde i 1867 ein stor katalog over desse.
Krateret D'Arrest på månen er namnsett etter han, og det same er eit krater på Marsmånen Phobos og asteroiden 9133 d'Arrest.
KjelderEndra
- «Heinrich Louis D' Arrest», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014