Heitor Villa-Lobos (5. mars 188717. november 1959) var ein brasiliansk komponist som skreiv talrike verk for orkester, ensemble og soloinstrument. I musikken sin brukte han særskild mykje brasiliansk folkemusikk, men òg element frå impresjonisme, ekspresjonisme, klassisistisk og barokk musikk. Villa-Lobos er den best kjende søramerikanske komponisten av kunstmusikk.

Heitor Villa-Lobos
Heitor Vila-Lobos (c. 1922).jpg
Fødd5. mars 1887
FødestadRio de Janeiro
Død17. november 1959
DødsstadRio de Janeiro
OpphavBrasil
Aktiv1915–1959
Sjangeropera, symfoni
Instrumentgitar
Verka somkomponist, koreograf, dirigent, musikkforskar, gymnaslærer, klassisk gitarist, pianist
FarRaul Villa-Lobos
Gift medArminda Villa-Lobos

BiografiEndra

Heitor Villa-Lobos vart fødd i Rio de Janeiro. Han lærte musikk av far sin. I 1899, då faren døydde, vart Villa-Lobos professjonell musikar og spela cello på cafear. Frå 1905 samla han inn brasiliansk folkemusikk frå dei noraustlege delane av Brasil.

Heitor Villa-Lobos er gavlagd i Cemitério São João Batista i Rio de Janeiro

Viktige verkEndra

Villa-Lobos var svært produktiv, sjølv om mange av verka hans er arrangement over dei tidlege verka hans.

Verke nemnd i dette kappitelet er hans musikalske arv. Dette er musikk som vert framført i konsertsalar i dag og som er tilgjengeleg for sal. [1]

Dei mest framføret verka til Villa-Lobos er den 5. Bachianas Brasileiras, for stemme og 8 celloer, som også kan framførast med andre instrument. Andre populære verk er musikken for solo gitar og kor nummer 1.

Bachianas BrasileirasEndra

  • Nr. 1 for 8 celloer (1932)
  • No. 2 for kammerorkester (1933)
  • No. 3 for piano og orkester (1934)
  • No. 4 for piano (1930-41); orkesterert i 1942
  • No. 5 for stemme og 8 celloer (1938)
  • No. 6 for fløyte and basun (1938)
  • No. 7 for orkester (1942)
  • No. 8 for orkester (1944)
  • No. 9 for kor eller orkester (1944)

KorEndra

Bendita Sabedoria (1958)

KonsertarEndra

SymfoniarEndra

  • Nr. 1 O Imprevisto, The Unforseen (1920)
  • Nr. 2 Ascenção, The Ascension (1917)
  • Nr. 3 A Guerra, The War (1919)
  • Nr. 4 A Vitória, The Victory (1919)
  • Nr. 5 A Paz, The Peace (1920) - lost
  • Nr. 6 Montanhas do Brasil, The Mountains of Brasil (1944)
  • Nr. 7 (1945)
  • Nr. 8 (1950)
  • Nr. 9 (1951)
  • Nr. 10 Sumé Pater Patrium, Amerindia (1952)
  • Nr. 11 (1955)
  • Nr. 12 (1957)
      Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.