Helagsfjellet
(Omdirigert frå Helagsfjället)
Helagsfjellet, på svensk Helags og på sørsamisk Maajåelkie, er eit 1 797 meter over havet høgt fjell nord for Ljungdalen heilt i nordvest i Härjedalen i Sverige. Fjellet ligg nær riksgrensa mot Noreg og lensgrensa til Jämtland. Fjelltoppen er den høgste i Sverige sør for polarsirkelen. På den sørvestlege sida av fjellet finst den 1 682 moh. høge toppen Predikstolen. På austsida av fjellet ligg den sørlegaste isbreen i Sverige, Helagsglaciären. Fjellet har ein markant profil og reiser seg bratt opp 700 meter over høgfjellsplatået. Ved foten av fjellet ligg Svenska Turistföreningen sin 'Helags fjällstation', som ofte får vitjingar både i sommar- så vel som vintersesongen.
Helagsfjället | |||
fjell | |||
Helagsfjellet i juni 2009
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Härjedalen | ||
Fjellkjede | Dei skandinaviske fjella | ||
Høgd | 1 796 moh. | ||
Primærfaktor | 1 133 m | ||
Koordinatar | |||
![]() Helagsfjellet | |||
Wikimedia Commons: Helags | |||