Opna hovudmenyen

Helge Haugen

norsk fotballspelar

Helge Haugen (fødd 15. februar 1982 i Bergen) er ein norsk fotballspelar. Han har sidan 2002 spelt for Brann i den norske eliteserien.

Helge Haugen
Helge Haugen.jpg
Fødd 15. februar 1982
Fødestad Bergen

Haugen kom til Brann frå Åsane i oktober 2001 for 100 000 kroner. Han spelte for det meste på reservelaget til Brann i den første sesong sin i klubben, og det var ofte på ein uvant midtstopparplass. Han hadde berre sporadiske innhopp i eliteserien. Han blei difor fristilt av klubben framfor 2003-sesongen, men for å avventa ei eventuell juridisk behandling av korleis saka skulle løysast, heldt Haugen fram å trena med Brann.

I mellomtida skifta Brann trenar frå Teitur Thordarson til Mons Ivar Mjelde, som valde å gjera om på avgjersla om å sleppa Haugen. Etter ein dårleg sesongstart for Brann måtte Mjelde gjera fleire grep for at klubben skulle klatra opp frå botnsjiktet. Raymond Kvisvik blei henta frå Austria Wien, Cato Guntveit og Robbie Winters blei kvitt sine skadeproblem, samstundes som han valde å para den kreative Seyi Olofinjana med den løpssterke Haugen sentralt på midtbanen. Det førte til at Brann gjorde ein svært sterk haustsesong, og klubben hadde små problem med å halda plassen i eliteserien.

I 2004 heldt Haugen fram å spela godt på Brann sin midtbane. Olofinjana blei midtvegs i sesongen erstatta av austerrikske Paul Scharner og skotske Charlie Miller, men Haugen heldt likevel fram å vera førsteval på midtbanen. Han sendte blant anna Brann til semifinalen i cupen. Brann blei same sesong cupmeistrar.

Vinteren 2005 braut Haugen foten. Det øydela heile sesongoppkøyringa. Samstundes hadde klubben henta landslagskaptein Martin Andresen. Difor var innhoppa berre sporadiske i vårsesongen. Det var først i løpet av haustsesongen Haugen klarde å etablera seg på laget, mykje på grunn av Brann sine skadeproblem. I fylgje fotballekspertane klarde han ikkje å nå opp på same nivå som sesongen før.

I 2006-sesongen vart konkurransen om plassane på midtbanen til Brann endå hardare, etter innkjøpa av Eirik Bakke og Ardian Gashi. Haugen spelte likevel over 20 seriekampar då Brann kom på andreplass i eliteserien.

Helge Haugen har kontrakt med Brann ut 2010-sesongen. Han har landskampar på alle aldersbestemte nivå, men berre éin U21-landskamp. Som tenåring var han òg ein av Noregs mest talentfulle orienteringsløparar.

Karriere som spelarEndra

(Sist oppdatert 29. oktober 2006)

Klubb Kampar Mål Periode
  Brann 114 4 2002-

BakgrunnsstoffEndra