Helgelandsbrua

Helgelandsbrua er ei 1065 meter lang skråstagbru som knyter saman kommunane Alstahaug og Leirfjord i Nordland. Brua kryssar Leirfjorden mellom fastlandet og øya Alsten og er ein del av Fylkesveg 17.

Helgelandsbrua
Helgelandsbrua-2006-07-02.JPG
Helgelandsbrua sett frå sør
Typeskråkabelbru
StadMellom Alstahuag og Leirfjord
OpnaJuli 1991
StrekningFylkesveg 17
Lengd1 065 meter
Høgd138 m
Fri høgd45
Største spenn425
Breidd12 meter
KryssarLeirfjorden
Materialearmert betong
UtformingSkråstagbru
TransportererFylkesveg 17
Vedlikehalden avStatens vegvesen

Helgelandsbrua
66°2′16″ N 12°43′13″ E

Helgelandsbrua vart opna i juli 1991 og var bomveg til ho var nedbetalt 27. mai 2005.[1]

KonstruksjonenEndra

Brua har i alt 12 spenn; hovudspennet er på 425 m. Seglingshøgda er 45 m.

Brua er ei rein betongbru. Alle pilarane er bygde med klatreforskaling.

Brubanen er slank i horisontalplanet, berre 40cm i tjukna på midten og 1,2m i ytterkantene. For kvart kabelfeste går det i tillegg bjelkar på tvers under brubanen.

Kablane er festa til ytterkanten av brubanen. Forankringane til kablane ligg i eit prefabrikert element som igjen er støypt inn i betongen på undersida av overbygningen.

Hovudtårna er 138 m og 127 m høge frå havoverflata og til toppen. I tillegg er det nordlegaste tårnet fundamentert ned til ei djupn på 30 m under havoverflata.

Tårna er 6m brei sett frå sida av brua og 2,2 m på det smalaste, sett på tvers av brua.

Brua fekk 1994 utmerkinga «FIP - outstanding structures».

KjelderEndra

  1. Henry Klæboe (14. mars 2005). «Gratis bru fra 27. mai». Helgelands Blad. Arkivert frå originalen 2005-04-05. Henta 3. mai 2018. 

BakgrunnsstoffEndra