Hellas i Eurovision Song Contest

Hellas debuterte i Eurovision Song Contest i 1974. Landet har delteke kvart år sidan, med unntak av 1975, 1982, 1984, 1986, 1999 og 2000. I 2005 vann Élena Paparízou med songen «My Number One». 12. juli 2013 vart kringkastaren Ellinikí Radiofonía Tileórasi stengd på grunn av den økonomiske krisa i landet, og Hellas hadde ikkje høve til å delta utan ein kringkastar som var medlem i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).[1] 4. mai 2014 vart Néa Ellinikí Radiofonía, Ínternet kai Tileórasi starta opp og Hellas fekk delteke i Eurovision Song Contest berre fire dagar seinare, trass i at kringkastaren ikkje var medlem i Den europeiske kringkastingsunionen. Ifylgje reglane må kringkastaren vere aktivt medlem i Den europeiske kringkastingsunionen, men Hellas slapp unna denne regelen etter at Ellinikí Radiofonía Tileórasi vart lagd ned, og vart dimed det fyrste og førebels einaste landet som har delteke i Eurovision Song Contest utan medlemskap. Special Broadcasting Service som debuterte for Australia i 2015 var assosiert medlem. I desember 2014 vart den nye kringkastaren medlem og landet fekk delteke i 2015.[2] 11. juni 2015 vart Néa Ellinikí Radiofonía, Ínternet kai Tileórasi nedlagt, og Ellinikí Radiofonía Tileórasi som vart attopna vil på nytt representere Hellas av di kringkastaren allereie er aktivt medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.[3] Sidan 2013 har den private musikkanalen MAD TV organisert og produsert dei nasjonale uttakingane.

Hellas

Offisielt Greece, Griekenland, Griechenland, Grèce, Grece, Ελλαδα

Uttakingar

Deltaking
Debutår 1974
Deltakingar 42
Beste resultat
Semifinalen 1 (2008 og 2011)
Finalen 1 (2005)
Verste resultat
Semifinalen 16 (2016)
Finalen 21 (2019)
Poeng
Semifinalane 1 507
Finalane 3 032
Totalt 4 539

Historie endre

Etter debuten i 1974 ynskte ikkje Hellas å deltake i 1975. I følgje Den europeiske kringkastingsunionen var grunnen ukjent, men det vart oppdaga at dei trekte seg i protest mot debuten til Tyrkia og invasjonen av Kypros i 1974. Hellas vart diskvalifisert frå tevlinga i 1982 då det vart avslørt at songen dei skulle delteke med, «Sarantapénte Kopeliés», hadde vorte utgjeven tidlegare. Ein kjend gresk folkesong hadde vorte endra på til tevlinga, men fekk ikkje delteke fordi alle songane måtte vere originale. Hellas måtte å betale ei bot, men fekk lov å kome attende året etter. Om dei hadde delteke hadde dei starta som nummer to i finalen i Harrogate. Etter attendevendinga i 1983 bestemte Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) seg for å ikkje deltake i 1984 på grunn av låg kvalitet på songane.

Hallas kom attende til tevlinga i 1985 og Polína vart vald til å representere landet i 1986 i Bergen, men trekte seg heilt uventa frå tevlinga. Polína sa at det var på grunn av politiske problem i Hellas, men den offisielle Eurovision Song Contest-nettstaden hadde oppgjeve at det var fordi tevlinga vart halden kvelden før den ortodokse påsken. Ho skulle delteke med songen «Wagon-lit».

Hellas kom attende i 1987 og deltok kvart år fram til 1999, då dei ikkje fekk delteke fordi dei ikkje hadde fått nok poeng dei fem siste åra til å kunne kvalifisere seg til å vere med i tevlinga. Året etter kunngjorde ERT at dei ikkje kom attende til Eurovision Song Contest 2000 av økonomiske grunnar.

31 år etter at dei fyrste gong var med, vann Hellas for fyrste gong i 2005 med Élena Paparízou og songen «My Number One». Songen er den fyrste etter 2000 som vann tevlinga utan å gå gjennom ein semifinale. Etter Eurovision Song Contest toppa songen listene i Hellas, Kypros og Sverige, og kom inn på topp ti i Romania, Nederland, Ungarn, Belgia og USA. Under 50 årsjubileet til Eurovision Song Contest i 2005, der ein skulle røyste fram den mest populære framføringa gjennom tidene, enda songen på fjerdeplass.

Før sigeren var den høgaste greske plasseringa tredjeplass, frå 2001 og 2004. Det verste resultatet kom i 1998, då dei enda på 20. plass med tolv poeng, alle frå Kypros. Dei fekk òg 20. plass i 2014, då med 35 poeng.

Eurovision Song Contest 2006 vart halden i Aten i Hellas. Programleiarane var María Menoúnou og Sákis Rouvás. Ánna Víssi representerte Hellas i heimlandet.

Frå 2004 til 2006 valde ERT ut høgprofilerte artistar internt og arrangerte ein nasjonal finale der ein skulle røyste fram songen artisten skulle synge i Eurovision Song Contest, medan i 2007 og 2008 arrangerte ERT ein nasjonal finale der ein røysta fram både artist og song.

Bidraga endre

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  1974 Marinella «Krasí, thálassa kai t' agóri mou» Gresk 007 11
  1976 Mariza Koch «Panayiá mou, panayiá mou» Gresk 020 13
  1977 Paschalis, Marianna, Robert og Bessy «Máthima solfége» Gresk 092 05
  1978 Tánia Tsanaklídou «Tsárly Tsáplin» Gresk 066 08
  1979 Elpída «Sokráti» Gresk 069 08
  1980 Ánna Víssi «Otostóp» Gresk 030 13
  1981 Yiannis Dimitras «Feggári kalokairivó» Gresk 055 08
  1983 Kristi Stassinopoulou «Mou les» Gresk 032 14
  1985 Takis Biniaris «Miázoume» Gresk 015 16
  1987 Bang «Stop» Gresk 064 10
  1988 Afroditi Frida «Klóoun» Gresk 010 17
  1989 Mariánna Evstratíou «To dikó sou astéri» Gresk 056 09
  1990 Christos Callow og Wave «Khorís skopó» Gresk 011 19
  1991 Sofía Vóssou «I ánikhi» Gresk 036 13
  1992 Kleopátra «Ólou tou kósmou i Elpída» Gresk 094 05
  1993 Katerína Garití «Elláda, khóra tou fotós» Gresk 064 09
  1994 Kostas Bigalis «To trekhantíri» Gresk 044 14
  1995 Elina Konstantopoulou «Pia prosevkhí» Gresk 068 12
  1996 Mariánna Evstratíou «Emeís foráme to khimóna anoixiátika» Gresk 036 14
  1997 Mariánna Zormpá «Khórepse» Gresk 039 12
  1998 Thalassa «Mia krufí evaisthisía» Gresk 12 20
  2001 Antique «Die For You» Engelsk 147 03
  2002 Mikhális Rakinizís «S.A.G.A.P.O.» Engelsk 027 17
  2003 Mantó «Never Let You Go» Engelsk 025 17
  2004 Sákis Rouvás «Shake It» Engelsk 252 03 238 03
  2005 Élena Paparízou «My Number One» Engelsk 230 01 X X
  2006 Ánna Víssi «Everything» Engelsk 128 09 X X
  2007 Sarbel «Yassou Maria» Engelsk 139 07 X X
  2008 Kalomíra «Secret Combination» Engelsk 218 03 156 01
  2009 Sákis Rouvás «This Is Our Night» Engelsk 120 07 110 04
  2010 Jórgos Alkaíos and Friends «ÓPA!» Gresk 140 08 133 02
  2011 Loúkas Jórkas «Watch My Dance» Gresk og engelsk 120 07 133 01
  2012 Elefthería Eleftheríou «Aphrodisiac» Engelsk 064 17 116 04
  2013 Koza Mostra feat. Agáthonas Iakovídis «Alcohol Is Free» Gresk og engelsk 152 06 121 02
  2014 Freaky Fortune feat. Riskykidd «Rise Up» Engelsk 035 20 074 07
  2015 María-Élena Kiriákou «One Last Breath» Engelsk 023 19 081 06
  2016 Argo «Utopian Land» Gresk og engelsk X X 044 16
  2017 Demy «This Is Love» Engelsk 077 19 115 10
  2018 Jánna Terzí «'Oniró mou» Gresk X X 081 14
  2019 Katerine Duska «Better Love» Engelsk 074 21 185 05
  2020 Stefania «SUPERG!RL» Engelsk Avlyst
  2021 Stefania «Last Dance» Engelsk 170 10 184 06
  2022 Amanda Tenfjord «Die Together» Engelsk 215 08 211 03
  2023 Victor Vernicos «What They Say» Engelsk X X 14 13
  2024 Marina Satti


Røystehistorikk (1974-2021) endre

Hellas har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Kypros 201
2   Spania 137
3   Frankrike 126
4   Irland 99
5   Storbritannia 84
Hellas har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Kypros 268
2   Spania 125
3   Storbritannia 110
4   Tyskland 97
5   Frankrike 94

Galleri endre

Vertskap endre

År Stad Arena Programleiar
2006 Aten Olymbiakό Kleistό Gymnastírio María Menoúnou og Sákis Rouvás

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Mona W. Claussen (12. juni 2013). «Statsministeren har lagt ned gresk statlig TV og radio» (på norsk). Aftenposten. Henta 15. juni 2013. 
  2. «Greece joins Eurovision 2015» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 21. desember 2014. 
  3. «Greece: Welcome back ERT!» (på engelsk). esctoday.com. 11. juni 2015. Henta 11. juni 2015.