Helleristingsområdet i Tanum

(Omdirigert frå Helleristningane i Tanum)

Helleristingsområdet i Tanum (svensk: Hällristningsområdet i Tanum) er eit område i Tanums kommun i Bohuslän i Sverige med fleire bergflater (svensk: berghällar) dekte av store mengder helleristingar frå bronsealderen. Kring den største av dei, Vitlyckehällen, er det bygd opp eit helleristingsmuseum, Vitlycke museum.

Tre menn i ein rituell dans
«Spjutguden», Litslebyhällen

Ein har funne nærare 300 innhogne figurar og kring 170 skålgroper (små, gryteforma fordjupningar hogd inn i berget). Mellom dei mest vidgjetne framstillingane er det såkalla «brudparet» (brureparet). Ved Litsleby finst det ei helleristing ein kring 2,3 meter lang mann væpa med spyd, «spjutguden». Ved Aspberget finst det ei framstilling av pløying, i tillegg til oksar og skip. Helleristningsfelta ved Fossum ligg noko frå dei andre. Kanhende er desse laga av berre ein person, då dei har nokolunde sams kunstnarleg stil.

Helleristingsområdet er teke med på UNESCO si liste over verdsarv med den grunngjevinga at det gjev «eit vitnesbyrd om livet under europeisk bronsealder».

I nyare tid har helleristingane vorte måla for å gjera dei tydelegare. Det er ikkje kjend om dei var måla frå starten av.

Den planlagde motorvegen E6 går gjennom området. Svenska Vägverket vil ikkje leggje vegen utanom området, då ein omveg ville ta vekk vinsten i reisetid. I staden vil ein freiste minske skadeverknadene av vegbygginga på anna vis.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Helleristingsområdet i Tanum