Hellersvatnet

innsjø i Drangedal og Nissedal kommunar

Hellersvatnet er ein innsjø som ligg på grensa mellom kommunane Drangedal og Nissedal i Telemark. Vatnet, som er det tredje største i Drangedal, er 2 km langt og om lag 2 km breitt på det breiaste. Hellersvannet vert drenert via Holmvatnet og Søvasselva til Gautefallelva, og er dermed ein del av Kragerøvassdraget.

Hellersvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommunar Drangedal, Nissedal
Høgd over havet 375 moh.
Lengd km
Breidd km
Areal 1,79 km²
Kystlengd1 8,51 km
Koordinatar 59°00′41″N 08°46′51″E / 59.01139°N 8.78083°E / 59.01139; 8.78083
Kart
Hellersvann
59°00′41″N 8°46′51″E / 59.011389°N 8.780833°E / 59.011389; 8.780833
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Namnet kjem av at det ved utløpet finst ein heller (Hellersvannhelleren), der det mellom anna er funne spor frå steinalderen.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.