Jonas Helmer Osslund, opphavleg Åslund, (22. september 186611. juli 1938) var ein svensk målar frå Tuna i Medelpad. Han er særleg kjend for sine verk prega av hans møte med Lapplands fjellmassiv og dei storslåtte villmarksviddene i flammande haustfargar. Desse bileta danna grunnen for Osslund sitt ry som "Norrlands konstnärlige upptäckare".[1]

Helmer Osslund

Statsborgarskap Sverige
Fødd 22. september 1866
Tuna församling, Härnösands stift
Død

11. juli 1938 (71 år)
Stockholm, Engelbrekt

Yrke kunstmålar, keramikar
Språk svensk
Far Daniel Aslund
Helmer Osslund på Commons
Hösten
Vårafton bakom Kiruna
Sommarlandskap från Nordingrå

Liv og gjerning endre

Helmer Åslund fór som ung til USA for å verte ingeniør. Der endra han etternamn til Osslund. 21 år gammal byrja han måle og var tida 1889-94 tilsett som dekoratør ved Gustavbergs porslinsfabrik ved Stockholm. Fabrikken kosta i 1890 på han ei studiereise til Paris og London. Han byrja så å studere målarkunst ved Académie Colarossi i Paris våren 1894. Han var den einaste svensken som studerte hos Paul Gauguin, og tok etter franskmannen sitt symbolistisk samla syn på fargar og form, noko Osslund nytta i sine landskaps- og portrettmåleri, samt modellstudiar. Heimkomen i Sverige voks fram den dynamisk uttrykksfulle landskapskunsten som vart kjennemerket hans.

Det var først i 1898 han byrja måle norrlendsk natur. Osslund oppheldt seg då fleire månader på målarvandringar i de norrlendske øydemarkane, turar som han gjentok ofte dei neste tiåra. Gauguin hadde lært han å måle på smørpapir, noko som var billegare og lettare å handtere enn vanleg lerret når han var på vandring.

Hans ekspressive måleri ligg nær modernismen og kom til å påverke mellom andre Leander Engström, ikkje minst etter den unge Engström i 1907 fekk fylgje med Osslund på ein målartur i lappmarka. Måleria Före Stormen, Midsommar Nuolja (1922) og Höstafton vid Nordingrå er døme på Osslund sin kunst. Lenge var han oversedd, fyrst i alderdomen vart han til fulle verdsett av publikum.

Våren 1906 hadde Osslund ei stor utstilling i rådhuset i Gävle. Ein som omgåande vart interessert i Osslund sin ekspressive kunst, alle dei norrlendske haustmotiva i brennande fargar, var lærfabrikanten Emil Matton, som då kjøpte tre måleri. Året etter stilte Osslund ut på ny i Gävle og Matton bestilte då ein serie på fire måleri, kalla Årstiderna. Eitt av måleria i serien, Hösten, er i dag Osslunds mest kjende verk.

Notar endre

  1. Den svenska målarkonstens historia:221

Kjelder endre

  • Den svenska målarkonstens historia. 2001

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Helmer Osslund