Opna hovudmenyen

BakgrunnEndra

Helmut Schmidt blei fødd i Hamburg i ei protestantisk familie som son til to lærarar. Faren hans var fødd utanom ekteskap som son til ein jødisk forretningsmann. Dette vart halde skjult i familien, og blei først offentleg innrømma av Schmidt under press i 1984, etter at journalistar hadde fått greie på det frå vennen Valéry Giscard d'Estaing. I følgje Schmidt skjulte faren og han den jødiske bakgrunnen med dokumentfalsk for å unngå dei nazistiske jødeforfølgingane.

Studiar og militærtenesteEndra

Schmidt tok artium i 1937, blei innrullert i hæren og gjorde teneste først ved luftskytset i Bremen. Etter ei kort tid ved Austfronten blei han sendt tilbake til Tyskland i 1942, og arbeidde deretter ved Riksluftfartsministeriet. Han gifta seg i 1942. I desember 1944 blei han premierløytnant og gjorde ved slutten av krigen teneste på vestfronten. Han blei tatt som krigsfange av britane i april 1945, og blei repatriert i august same året. Etter grunnlegginga av Bundeswehr blei han reserveoffiser. I 1958 deltok han på ei repetisjonsøving, og blei forfremma til kaptein i reserven. Ved ei seinare repetisjonsøving blei han forfremma til major i reserven.

Etter krigen studerte han økonomi og statsvitskap i Hamburg, og fullførte universitetsstudia i 1949 med hovudfag i sosialøkonomi.

Politisk karrièreEndra

Helmut Schmidt blei medlem av SPD i 1946, og var leiar av partiet sin studentorganisasjon frå 1947-48.

Han arbeidde først i delstatsregjeringa i Hamburg, seinare for SPD si partigruppe i Forbundsdagen. Han blei sjølv vald inn i Forbundsdagen i 1953. Han blei medlem av SPD sitt sentralstyre i 1957. Frå 1958 markerte han seg som atomvåpenmotstandar; særleg var han motstandar av atomvåpen på tysk jord. Konservative politikarar ivra for at den tyske hæra skulle skaffe seg atomvåpen, og USA pressa på for å utstasjonere atommissil retta mot Sovjetunionen i Tyskland. I 1958 miste han setet i Forbundsdagen.

Frå 1961 til 1965 var han senator for innanrikssaker i Hamburg. Han fekk vellæte for den aktive rolla han tok under oversvømminga av byen i 1962. I 1965 blei han igjen innvald i Forbundsdagen, og blei leiar for SPD sin fraksjon i 1967 og viseformann i partiet i 1968. Han blei forsvarsminister i den nasjonale regjeringa i oktober 1969. Frå juli 1972 til november same året var han økonomi- og finansminister, og deretter fram til mai 1974 finansminister.

 
Schmidt under valnatta i 1976

Schmidt blei tysk kanslar den 16. mai 1974 etter at Willy Brandt måtte gå av som følgje av spionasjeskandalen.

I motsetning til Brandt blei Schmidt rekna for å høyre til høgrefløya i SPD. Økonomien var den viktigaste saka i hans regjering. Det vart også arbeidd med å betre forholdet til Frankrike og den franske presidenten Valéry Giscard d'Estaing. Økonomisk blei han rekna som tilhengar av Keynes sine teoriar. I 1975 var han ein av grunnleggjarane av Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa. Etter vala i 1976 regjerte han i koalisjon med FDP. Han gav GSG9 ordre om å stanse gisseltakinga av Lufthansaflyet «Landshut» med makt i Somalia. Han gjekk sterkt inn for NATO-ekspansjon etter den sovjetiske invasjonen i Afghanistan.

Helmut Schmidt blei attvald som kanslar i november 1980. I februar 1982 vann han eit konstruktivt mistillitsforslag, men i september forlét fire FDP-statsrådar regjeringa. Etter forsøk på å halde fram som mindretalsregjering, blei han til slutt tvinga til å gå av den 1. oktober, og blei etterfølgd av Helmut Kohl.

Schmidt blei rekna for å vere veltalande og intellektuell, og snakka mange språk.

  Denne historieartikkelen som har med Tyskland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.