Hematopoetisk stamcelle

Hematopoetiske stamceller (HSC) er dei blodlekamane som gjev opphav til alle andre blodlekamar og er derivert frå mesoderm. Dei finst i den raude beinmergen, som ligg i kjerna av dei fleste knoklane.

Dei gjev opphav til dei myelogene (monocyttar og makrofagar, nøytrofilar, basofilar, eosinofilar, erytrocyttar, megakaryocyttar/blodplater, dendrittiske celler) og lymfogene slektslinjene (T-celler, B-celler, NK-celler). Definisjonen av hematopoetiske stamceller har endra seg dei siste tiåra. Det hematopoetiske vevet inneheld celler med langvarige og kortvarige regenerasjonsevner, samt multipotente, oligopotente og unipotente progenitorar. Hematopoetiske stamceller utgjer 1:10,000 av cellene i det myeloide vevet.

Hematopoetiske stamceller er ein heterogen populasjon. Det finst tre klassar av stamceller som er skilt frå einannan av forholdet mellom lymfogen og myelogen progeni (L/M) i blodet. My-bi HSC har eit lågt L/M-forhold (mellom 0 og 3), medan Ly-bi HSC visar eit stort forhold (>10). Den tredje kategorien er samansett av balansert (Bala) HSC mellom 3 og 10. Berre My-bi HSC og Bala HSC har haldbare fornyingsevner. Fleire transplantasjonforsøk har vist at kvar av undertypane fortrinnsvis atterskaper sin eigen blodcelledistribusjon, som tydar på at kvar undertype har eit nedarva epigenetisk program.

HSC-forsking gjennom store delar av det siste hundreåret har ført til ei mykje djupare forståing av hematopoetiske stamceller. Nyare framskritt har resultert i bruken av HSC-transplantasjonar for behandlinga av kreft og andre immunsjukdommar.[1]

Kjelder endre

  1. "5. Hematopoietic Stem Cells." Stem Cell Information Arkivert 2015-09-29 ved Wayback Machine.. National Institutes of Health, U.S. Department of Health and Human Services, 17. juni 2011. Henta 9. November 2013.
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.