Halvkule

Wikimedia-fleirtydingsside
(Omdirigert frå Hemisfære)

Ei halvkule eller hemisfære er eit omgrep for dei to kongruente delane ei kule blir delt i eit plan gjennom sentrum av kula. Ei halvkule tilsvarar 2π sr.

Halvkuler

I geografi vart jorda delt ved ekvatorplanet i den nordlege halvkula og den sørlege halvkula. Den austlege og den vestlege halvkula vert delt av nullmeredianen gjennom Greenwich. I tillegg kan ein dele inn i landhalvkula og vasshalvkula, som er dei respektive halvkulene med høvesvis mest landområde og mest havområde.

Kjelder endre

«Halvkule» i Store norske leksikon, snl.no.