Hemsedal kommune

kommune i Buskerud fylke i Noreg
«Hemsedal» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Trøym.


Hemsedal kommune er ein kommune i Hallingdalen nordvest i Buskerud fylke. Kommunen grensar i søraust til Gol, i sørvest til Ål, i nordvest til Lærdal i Sogn og Fjordane og i nordaust til tre kommunar i Innlandet fylke; Nord-Aurdal, Vang og Vestre Slidre. Hemsedal fekk kommunestatus i 1897, då han vart skilt ut frå Gol.

Hemsedal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Adm.senter Trøym
Areal 753 km²
 - land 715 km²
 - vatn 38 km²
Folketal 2 666  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Pål Terje Rørby (Sp)
Kommunenr. 3326
Kart
Hemsedal kommune
60°54′21″N 8°30′53″E / 60.905830555556°N 8.5147194444444°E / 60.905830555556; 8.5147194444444
Wikimedia Commons: Hemsedal
Nettstad: www.hemsedal.kommune.no

Administrasjonssenter i Hemsedal er tettstaden Trøym. Lokalavisa er Hallingdølen, som òg kjem ut i dei fem andre kommunane i Hallingdal.

Geografi endre

 
Skogshorn (1728 moh.) i solnedgang.

Hemsedal kommune omfattar det meste av dalen Hemsedal og Grøndalen, der sistnemnde er ein sidedal til Hemsedal. Over fire femdelar av kommunen ligg høgre enn 900 moh, og dette er staden i Sør-Noreg der Austlandet møter Vestlandet. Av den grunn har du brytinga mellom to ulike typar fjellformasjonar i kommunen, noko som er særleg fascinerande for fjellinteresserte. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft på 1920 moh. Hydnefossen, den høgste fossen i Buskerud ut frå totalt fall, ligg ved Hornset i kommunen.

Folkesetnaden ligg for det meste langsmed det største dalføret, og her ligg kommunesenteret Trøym og dei to andre bygdene Ulsåk og Tuv. På begge sidene av dalen er det fjellområde, med Høgeloft på 1920 moh. som det høgste punktet i kommunen. Andre høge fjell i kommunen er Raudebergnuten på 1818 moh. og Skogshorn på 1728 moh. Heilt i aust ligg grenda Lykkja 830-900 moh. i sollia over Tisleifjorden og Storevatnet. Desse sjøane har avløp ved Tisleia til Valdres.

Næringsliv endre

 
Hemsedal sett frå fly vinterstid.

Viktige næringar i kommunen er jordbruk med hald av husdyr, særleg av storfe og sau. Det er litt industri med nokre føretak i trevare-, møbel- og næringsmiddelindustrien, me.a. meieri. Turisme er vorte ei viktig satsing frå 1970-åra av. Det er satsa sterkt på vinterturisme med fleire alpinanlegg, mellom anna Hemsedal Skisenter. Reiselivsnæringa og varehandelen sysselset nesten ein fjerdedel av dei yrkesaktive. Av anna næringsliv kan nemnast nokre hotell, pensjonat, campingplassar og hyttegrender.

Samferdsle endre

Riksveg 52 (Gol-Lærdal) går gjennom Hemsedal og fylgjer Mørkedalen opp til fjellovergangen på 1137 moh. Private vegar går over fjellet til Vestre Slidre i aust og Ål/ Hol i vest.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre