Henning Warloe

norsk politikar

Henning Warloe (fødd 24. mars 1961 i Bergen) er ein norsk politikar frå Høgre og frå 14. august 2014 byråd for byutvikling, klima og miljø i byrådet i Bergen. Han er fødd og oppvaksen i Bergen. Warloe er utdanna befal. Han er også utdanna ved Norges Handelshøyskole. Utanfor politikken har Henning Warloe vore dagleg leiar for eit eige firma, og var ein av stiftarane av Ferieklubben i Bergen. I stortingsperioden 2009-2013 representerte Warloe HordalandStortinget.

Henning Warloe

Fødd24. mars 1961 (62 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande, illusjonist
Utdanna vedNorges handelshøyskole
Alle verv

I valperioden 2003–2007 var Warloe byråd for finans, kultur og næring i Bergen kommune. Frå 2007 var han byråd for kultur, idrett og næring, i tillegg at han sidan utreiinga til Framstegspartiet frå byrådssamarbeidet våren 2009 også har fungert som byråd for finans, konkurranse og utvikling fram til han måtte trekkje seg for å tiltre på Stortinget. I perioden 2. juni 2006–31. januar 2007 fungerte Warloe som byrådsleiar då Monica Mæland hadde barselpermisjon. Han var nestleiar i Hordaland Høgre frå 2007 til mars 2012.

Ein av hobbyane til Henning Warloes er trylling, og i 2008 vart han vald til president i Magiske Cirkel Norge, ein landsomfattande samskipnad for tryllekunstnarar.

I 2013 vart Warloe dømd til bot og 18 dagar fengsel på vilkår for kjøp og bruk av narkotika.[1] Før dette hadde han trekt seg frå partiverva sine.[2]

Stortingskomitear endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre