Henri Matisse
Henri Émile Benoît Matisse (31. desember 1869–3. november 1954) var ein fransk biletkunstnar.
Henri Matisse | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 31. desember 1869 Le Cateau-Cambrésis |
Død |
3. november 1954 (84 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar, grafikar, litograf, grafikar, teiknar, keramikar, kunstnar |
Språk | fransk |
Sjanger | decoupage, landskapsmåleri, figurmåleri, stilleben, portrettmåleri |
Medlem av | Academia Nacional de Bellas Artes de Argentina |
Religion | ateisme |
Ektefelle | Amélie Paraliser |
Born | Marguerite Duthuit Faure, Jean Gérard Matisse, Pierre Matisse |
Henri Matisse på Commons |
Matisse blir rekna som ein av dei største blant dei tidlege modernistane og han arbeida med ulike uttrykksformer og materialar, men var hovudsakleg målar.
Liv og verk
endreMatisse voks opp i Bohain-en-Vermandois og flytta i 1887 til Paris for å studere juss. Under ein sjukdomsperiode begynte han å måle og i 1891 begynte han å studere målarkunst ved Académie Julian i Paris, der han blant anna studerte under Odilon Redon og Gustave Moreau.
Han var i begynninga sterkt påverka og inspirert av verka til Édouard Manet, Paul Signac og Paul Cézanne. Han blei snart leiar for dei kunstnarane som blir kalla fauvister. I 1901 deltok han i ein utstilling og i 1904 hadde han si første separatutstilling. Då han flytta sørover til rivieraen, trefte han André Derain, noko som påverka måling til Matisse. Verka frå perioden 1906-1917 blir rekna blant dei ypparste han laga. Etter at han busette seg i Nice i 1921 blei kunsten hans meir dekorativ og mindre intens.
Norske elevar
endreMange norske kunstnarar og kunststudentar drog til Paris for å studere under Matisse. Blant desse var Jean Heiberg, Per Krohg, Axel Revold, Alf Rolfsen og Einar Sandberg.
Bakgrunnsstoff
endre- Rosenkapellet i Vence
- Artchive
- Kunstweb[daud lenkje]
- Henri Matisse Arkivert 2007-01-03 ved Wayback Machine.
- Henri Matisse: Life og Work 200 hi-res images