Henri Julien Félix Rousseau (21. mai 18442. september 1910) var ein fransk post-impresjonistisk målar med ein naivistisk eller primitivistisk målemåte. Han er også kjent som «Le douanier» (tollaren) etter yrket. I samtida vart han møtt med mykje flir, sidan har han vorte heva til ein framståande plass i kunsthistoria.

Henri Rousseau

Pseudonym Le Douanier Rousseau, Le Douanier, Celník
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 21. mai 1844
Laval i Frankrike
Død

2. september 1910 (66 år)
Paris

Yrke kunstmålar, grafikar
Sjanger landskapsmåleri, figurmåleri, stilleben
Signatur
Henri Rousseau på Commons

Liv og gjerning endre

 
Sjølvportrett, 1908
 
Den sovande sigøynarinna, 1897
 
Slangetemjaren, 1907

Rousseau var son til ein røyrleggar frå Laval i Mayenne i Frankrike, og vart først tilsett et lite sakførarfirma. Der var han uheiderleg, og tok ein fireårskontrakt med militæret (1863–67). Etter faren døydde i 1868 gifta han seg og flytta til Paris. Han tok med seg mora si, og for å forsørgje henne tok han stilling i tollvesenet. I 1871 vart han forfremja til skatteinnkrevjar. Då han var vel 40 år gammal byrja han for alvor å måle. 49 år gammal sa han opp stillinga for å verte kunstmålar på heiltid.

Rousseau hevda at det var naturen sjølv som var læremeisteren, trass i at han vedgjekk å ha hatt nytte av råd frå dei to akademi-kunstnarane Félix Auguste-Clément og Jean-Léon Gérôme. I hovudsak var han likevel sjølvlærd, sett vekk frå kunnskapen om grunnleggande måleteknikkar.

Rousseaus mest kjende verk skildrar jungelscener, sjølv om han aldri besøkte ein jungel. Inspirasjonen fann han i dyrehagar, illustrerte verk og utstoppa dyr på museum. Han snakka også med militære veteranar som kunne fortelje korleis det var i jungelen. Til ein kunstkritikar så han at «når eg går inn i eit drivhus og ser på eksotiske plantar, har eg ei drøymerøyndomsoppleving». Jamsides slike bilete laga han små byscener frå Paris sentrum og omland.

Rousseau døydde i Paris hausten 1910. Mellom dei som fylgde han til grava var Paul Signac, Robert Delaunay, skulptøren Constantin Brâncuși og diktaren Guillaume Apollinaire.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Henri Rousseau