Henrik Aslaksen Skum

Henrik Aslaksen Skum (3. oktober 183314. august 1858) frå Kautokeino var ein av samane som Høgsterett i 1854 dømde til døden etter Kautokeino-opprøret i 1852. Han fekk seinare straffa omgjort til livsvarig fengsel.

Henrik Aslaksen Skum
Fødd 3. oktober 1833
Død

14. august 1858

Han var bror til Ellen Aslaksdatter Skum, som òg vart dømd til døden og fekk nåde. Ein 14 år gammal bror, Anders, deltok òg i opprøret. For Anders var påtalen åtte slag ris, men han vart frifunnen i underretten. I høgsterett vart han dømd til åtte dagars fengsel.

Henrik sona straffa på Akershus festnings slaveri. Her omkom han i sjøen under bading 14. august 1858.

BakgrunnsstoffEndra