Here & Now av America
Here & Now Studioalbum av America | ||
Utgjeve | 16. januar 2007 | |
Innspelt | Juni og juli 2006 | |
Studio | Stratosphere Sound, New York City | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 1:24:44 | |
Selskap | Burgundy | |
Produsent | Adam Schlesinger, James Iha | |
America-kronologi | ||
---|---|---|
The Grand Cayman Concert (2002) |
Here & Now | Live In Concert: Wildwood Springs (2008)
|
Here & Now er det 16. studioalbumet til den amerikanske folkrockduoen America, gjeve ut av Burgundy Records i januar 2007. Dette er det første popmusikkstudioalbumet gitt ut av gruppa sidan Human Nature i 1998 (gruppa gav ut eit studioalbum med juletema i 2002, Holiday Harmony). Albumet nådde 52. plassen på Billboard-lista, som var den beste plasseringa til America sidan View from the Ground i 1982. Songar som vart spelt ein del i USA var «Always Love», «Love and Leaving», «Chasing the Rainbow» og «Ride On».
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Music Box | [2] |
Pitchfork | (4.0/10)[3] |
Historie
endrePersonellet som var involvert i innspelinga og produksjonen av Here & Now skil seg sterkt frå tidlegare prosjekt og representerer eit forsøk på å få kontakt med nye, unge talent. Albumet er samprodusert av James Iha (tidlegare frå Smashing Pumpkins) og Adam Schlesinger (frå Fountains of Wayne og Ivy). Gjesteartistar inkluderer Ryan Adams, Ben Kweller, Jim James og Patrick Hallahan frå My Morning Jacket, Matthew Caws og Ira Elliot frå Nada Surf, Mark Rozzo frå Maplewood, og mangeårig samarbeidspartnar og venn Stephen Bishop. Den amerikanske trommeslagaren Will Leacox er med på perkusjon. Blant coverlåtane er «Indian Summer» (Maplewood), «Golden» (My Morning Jacket) og «Always Love» (Nada Surf).
Innspelingane vart fullførte i juli 2006, men ei planlagd utgiving i september vart til slutt utsett til januar 2007. Dette var det første kjende høvet der America spelte inn i eit studio i New York City. Albumet nådde 52. plassen i debutveka si,[4] den høgaste plasseringa for bandet sidan View from the Ground frå 1982.
Den første plata består av heilt nye studioinnspelingar, medan ei andre plate inneheld ei konsertframføring av heile samlealbumet History: America's Greatest Hits slik det vart spelt inn for «Then...Again...Live!» på XM Satellite Radio, med dei mangeårige sidemennene Willie Leacox på trommer, Michael Woods på gitar og klaverinstrument, og nykommaren Richard Campbell på bass og vokal.
Det finst fleire alternative utgåver av Here & Now med eit bonusspor lagt til på slutten av plate éin. Desse utgåvene kunne berre kjøpast hos Best Buy, Borders, Wal-Mart og via iTunes for digital nedlasting. Ein versjon som vart seld hos Target inkluderte ein bonus-DVD med åtte spor frå XM-framferda.[5]
Av bonusspora var tittelsongen og «Saturday Sky» opphavleg med på soloplata til Gerry Beckley, Horizontal Fall (òg den opphavlege kjelda til «Love and Leaving»), medan «Paradise» hadde premiere på The Complete Greatest Hits.
Innhald
endre- Plate ein
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Chasing the Rainbow» | Gerry Beckley | 3:19 |
2. | «Indian Summer» | Mark Rozzo, Dewey Bunnell | 3:26 |
3. | «One Chance» | Beckley | 4:27 |
4. | «Golden» | Jim James | 4:18 |
5. | «Always Love» | Matthew Caws, Ira Elliot, Daniel Lorca | 3:25 |
6. | «Ride On» | Bunnell, Adam Schlesinger | 4:02 |
7. | «Love and Leaving» | Beckley, Bill Mumy | 3:40 |
8. | «Look at Me Now» | Beckley | 4:06 |
9. | «This Time» | Beckley, Bunnell | 4:00 |
10. | «Work to Do» | Schlesinger | 2:54 |
11. | «All I Think About Is You» | Beckley | 2:22 |
12. | «Walk in the Woods» | Bunnell | 4:11 |
- «Glass King» (iTunes & Australian CD Edition-eksklusivt bonusspor)
- «Paradise» (Borders-eksklusivt bonusspor)
- «Saturday Sky» (Walmart-eksklusivt bonusspor)
- «Here & Now» (Best Buy-eksklusivt bonusspor)
- Plate to
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Ventura Highway» | Bunnell | 3:45 |
2. | «Don't Cross the River» | Dan Peek | 2:25 |
3. | «Daisy Jane» | Beckley | 3:02 |
4. | «I Need You» | Beckley | 2:32 |
5. | «Tin Man» | Bunnell | 3:46 |
6. | «Muskrat Love» | Willis Alan Ramsey | 3:07 |
7. | «Woman Tonight» | D. Peek | 2:28 |
8. | «Only in Your Heart» | Beckley | 3:04 |
9. | «Lonely People» | D. Peek, Catherine Peek | 2:19 |
10. | «Sandman» | Bunnell | 6:23 |
11. | «Sister Golden Hair» | Beckley | 3:25 |
12. | «A Horse with No Name» | Bunnell | 4:18 |
- Bonus -DVD (Target-eksklusiv)
- «Ventura Highway»
- «Daisy Jane»
- «I Need You»
- «Tin Man»
- «Only in Your Heart»
- «Sandman»
- «Sister Golden Hair»
- «A Horse With No Name»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Here & Now (America album)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ AllMusic review
- ↑ Music Box review
- ↑ Pitchfork review
- ↑ Here & Now chart history, Billboard. Henta 20. april 2023.
- ↑ «Amazon.com forum comment». Henta 4. juli 2011.