Here Comes the Night

Here Comes the Night
Singel av Lulu
B-side

«That's Really Some Good»

Språk engelsk
Utgjeve November 1964
Sjanger Pop
Lengd 2:54
Selskap Decca Records
Komponist Bert Berns
Tekstforfattar Bert Berns
Låtskrivar(ar) Bert Russell
Produsent Bert Berns, Musikalsk leiar: Mike Leander
Lulu-kronologi 
«Try to Understand»
(1964)
Here Comes the Night «Satisfied»
(som Lulu and the Luvers)
(1965)


Here Comes the Night
Singel av Them
B-side

«All for Myself»

Språk engelsk
Utgjeve Mars 1965
Innspelt Oktober 1964
Sjanger Pop
Lengd 2:47
Selskap Decca Records (UK), Parrot Records (USA)
Komponist Bert Berns
Tekstforfattar Bert Berns
Låtskrivar(ar) Bert Berns
Produsent Bert Berns
Them-kronologi 
«Gloria»
(1965)
Here Comes the Night «Mystic Eyes»
(1965)


«Here Comes the Night» er ein song frå 1964, skriven av Bert Berns og opphavleg gjeven ut av den skotske songaren Lulu. Versjonen hennar nådde 50. plass.[1][2] Bandet Them, med Van Morrison som frontmann, hadde ein hitt med deira versjon som kom ut i mars 1965. Them-versjonen nådde andreplassen i Storbritannia og 24. plass i USA, og var oppført på 33. plass på lista over dei 100 mest populære britiske singlane for 1965.[3]

Innspeling og historie endre

Dette var den andre Them-singelen produsert av Bert Berns og første gong Them spelte inn ein av songane hans. Han vart innspelt under ei innspeling i Decca Studios i West Hamstead i London i oktober 1964 i lag med «Baby, Please Don't Go» og «All For Myself».[4]

Jimmy Page spelte gitar på dette arrangementet. Andy White og Tommy Scott song korvokal med Phil Coulterklaverinstrument. Trommeslagar Ronnie Millings hugsar at bandet arbeidde med songen i studio med fire dagar med øvingar. Billy Harrison sa at «eg hugsar me sat hos Decca då Bert sa han hadde denne songen, og han kom ut med «Here Comes the Night». Han hadde eit riff, og det var alt han hadde, og me sat oss ned og arbeidde med han, og kom fram til det du kan høyre på plata. Me sat i studio, utan lydteknikar eller noko slikt.»[5] Phil Coulter sa seinare «eg visste eg høyrte ein stor hit. Det var første tong eg hadde høyrt ein hit heilt frå starten av»[6]

I følgje Phil Coulter hadde bandet meint at songen skulle vere oppfølgjar til «Baby, Please Don't Go», men han vart raskt gjeven ut av Decca med ein innspeling av Lulu i november 1964. Them skal ha vore særs skuffa over denne avgjersla av Decca og Phil Solomon.

«Here Comes the Night» var den tredje singelen til Them, gjeven ut etter suksessen med «Gloria». Den første dagen songen kom ut selde han 16 000 kopiar, som var eit imponerande tal den gongen.[7] Han nådde 2. plass i Storbritannia og 24. plass i USA, og låg 10 veker på lista i USA. Han vart òg gjeven ut på EPen Mystic Eyes. Etter at plata var gjeven ut, framførte Them songen på Ready Steady Go! og Top of the Pops.

Songen vart gjevne ut på den amerikanske utgåva av albumet THEM i juli 1965, og finst òg på albumet The Story of Them. Singelen vart gjeven ut på ny av Deram i 1973, men nådde ikkje då lista.

På andre Van Morrison-album endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. Rogan, No Surrender, s.102
  2. Lulu discography
  3. «Top 100 1965». UKCharts-TopSource.Info. Arkivert frå originalen 22. juli 2011. Henta 4. mai 2011. 
  4. Heylin, Can You Feel the Silence?, s. 516
  5. Heylin, Can You Feel the Silence?, s.99
  6. Rogan, No Surrender, s. 111-112
  7. Rogan, No Surrender, s. 112