Hermann

mannsnamn

Hermann eller Herman er mannsnamn og kan koma frå tysk, samansett av hær og mann. Herman har i nyare tid vorte brukt som ei latinisering av det greske namnet Γερμανός (Germanós) eller av dei slaviske variantane Герман/Херман (German/Herman).

Hermann har namnedag den 29. januar eller 20. oktober i Noreg. Ifylgje den ortodokse kalenderen vert Herman feira den 13. desember.

Bruken av namnet i Noreg endre

Namnet har vore bruka som førenamn sidan 1400-talet, men bruken av namnet har gått attende inntil det dei aller siste åra har stige kraftig i popularitet. Ved folketeljinga i 1801 var det 509 personar som heitte Herman(n/d), ved folketeljinga i 1900 var det 4550 som hadde dette namnet.

Per 26. januar 2022 var det 4930 som hadde Herman til førenamn, og 532 som hadde Hermann til førenamn.[1]

Kjende namneberarar endre

Kjelder endre

  1. «Navn», SSB (på norsk bokmål), henta 4. juli 2022