Mungofamilien

pattedyrfamilie
(Omdirigert frå Herpestidae)
Mungofamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Feliformia
Familie: Mungofamilien Herpestidae
Bonaparte, 1845

Mungofamilien (Herpestidae) er ein familie som høyrer til rovpattedyra, og som fyrst og fremst er å finne i Afrika, men éin av artane er også spreidd over Sør-Europa og Asia. Fleire slekter finst berre på Madagaskar (gassiske mungoar). I alt finst det 20 slekter og 36 kjende artar.

Ein bandmungo

Skildring endre

Mungoane er små rovpattedyr, som i lengde varierer frå om lag 23 cm til om lag 75 cm. Dei veg normalt frå i underkant av 1 kg til om lag 5–6 kg. Dei fleste artane i denne familien er frå brun til gråbrune eller grå i fargen. Nokre artar har stripemønster, men dei fleste er tilnærma einsfarga. Berre nokre få artar har ringmønster på halen. Dei har vanlegvis forholdsvis små hovud med spisse snutar og små runde øyre. Skallen er vanlegvis lang og flat.

Mungoane et ein variert rovdyrkost som mellom anna omfattar små pattedyr, reptil, fuglar, krabber, fisk, insekt og egg. Nokre artar et også frukt og bær og anna vegetabilsk føde. Nokre artar er selskapelege og lever i store flokkar på opp mot 50 dyr, medan andre for det meste lever i einsemd utanom paringstida.

Mungoane er mellom anna kjende for det umåtelege pågangsmotet sitt og evnene sine som slangedreparar. Dei er ikkje immune mot slangegift, slik mange trur, men har lynkjappe refleksar som set dei i stand til å unngå å verte bitne.

Systematikk endre

Dei gassiske mungoane (Galidiinae) høyrer til dei gassiske snikekattane, ikkje til mungoane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mungofamilien
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Herpestidae