Hertugdømet Savoie

Hertugdømet Savoie var landområda som høyrte til huset Savoie frå 1416 til 1713. Hertugdømet var ein stat nord på Den italienske halvøya med nokre område i det som i dag er Frankrike. Hertugdømet var eit framhald av grevskapet Savoie og vart etterfølgd av kongedømet Sardinia og kongedømet Italia. Hertugdømet høyrte til Det tysk-romerske riket og meir spesifikt den Øvre Rhinkrinsen.

Ducatus Sabaudiae (lat)
Duché de Savoie (fr)
Ducato di Savouè (frp)
Ducato di Savoia (it)
Ducà 'd Savòja (pms)
Hertugdømet Savoie
Statar i Det tysk-romerske riket

1416 – 1713
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Motto
FERT
Plasseringa til Savoie
Plasseringa til Savoie
Hertugdømet Savoie (grønt) i 1600.
Hovudstad Chambéry (1416-1562)
Torino (1562-1713)
Språk Piemontesisk, latin, fransk, italiensk, frankoprovençalsk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Hertugdøme
Hertug
 - 1416-1440 Amadeus VIII
 - 1675-1713 Victor Amadeus II
Historie
 - Grevskapet Savoie
    opphøgd til
    hertugdøme
 
1416
 - Okkupert av Frankrike 153659, 1630,
169096, 170313
 - Fekk Sicilia og delar
    av Hertugdømet
    Milano
 
11. april 1713
 - Fekk kongedømet
    Sardinia
i byte
    for Sicilia
 
1720
 - Okkupert av
    det revolusjonære
    Frankrike
 
17921814
 - Savoie til Frankrike,
    som betaling for
    samlinga av Italia
 
1860
 - Hertugen vert
    konge av Italia
17. mars 1861
* Hertugdømet Savoie vart Piedmont-Sardinia kongedømet Piemonte-Sardinia i 1720; området Savoie vart verande ein del av Piemonte-Sardinia fram til 1860, då det vart gjeven til Frankrike Det andre franske imperiet i byte for støtta deira i Risorgimento.

Historie endre

1400-talet endre

Hertugdømet vart oppretta i 1416 etter at Sigismund av Det tysk-romerske riket gav tittelen hertug til grev Amadeus VIII. Området til hertugdømet omfatta då Moriana, Valle d'Aosta og Piemonte.

Det hadde tidlegare ikkje hatt tilgang til sjøen, men i 1388 hadde grevskapet fått nokre kilometer med kystlinje kring Nice. Anna enn det hadde 1300-talet vore ei tid med lite framgang. Press frå nabolanda, særleg Frankrike, hindra utvikling, noko som karakteriserer resten av renessansen for Savoie.

Regjeringstida til Amadeus VIII var eit vendepunkt for økonomien og politikken i staten, og prega historia til nasjonen i stor grad. Den lange regjeringstida hans var markert av krigar (landet vart utvida då dei slo hertugdømet Monferrato og herredømet Saluzzo), reformer og edikt, men òg nokre kontroversielle hendingar: først av alt då han i 1434 valde å trekkje seg attende å busetje seg i Riparia. Her grunnla han St. Maurice-ordenen, og i 1439 vart han utpeikt som motpave som han godtok (under namnet Felix V) og avslo eit tiår seinare, i frykt for å undergrave den religiøse felleskapen til dei kristne.

Amadeus VII skapte fyrstedømet Piemonte i august 1424, som han let den førstefødde i familien styre, som ein ærestittel. Sonen hans Amadeo, døydde derimot i ung alder i 1431. Området og arvefølgja vart derfor gjevne til den andre sonen hans, Ludvig.

Som ein danna mann, la hertug Amadeus stor vekt på kunst (han arbeidde mellom andre med den kjende Giacomo Jaquerio), litteratur og arkitektur, og ønskte kunsten velkomen i det italienske Piemonte.

Etter Amadeus VIII tok sonen Ludvig av Savoie over. Ludvig vart så etterfølgd av den svake Amadeus IX som var ekstremt religiøs (han vart erklært salig), men med så lite makt at han let kona, Yolande (Violante) av Valois, syster til Ludvig XI, ta særs viktige avgjersler. I denne perioden var Frankrike meir eller mindre fri til å kontrollere saker i Savoie, som knytte Piemonte til krona i Paris.

Økonomien til hertugdømet leid i desse åra, ikkje berre på grunn av krig, men òg på grunn av dårleg styring av Violante og dei mange donasjonane av Amadeus IX til dei fattige i Vercelli. Framtida til nasjonen vart gjeven til ein gut, Philibert I, som døydde då han var 17 år gammal, 10 år etter han tok over makta. Han vart etterfølgd av Karl I, som gav landet ein ny start.

1500-talet endre

Philibert II døydde i 1504, vart han etterfølgd av Karl III den gode, ein heller svak hertug. Sidan 1515 hadde Piemonte vore okkupert av fiendtlege armear, og Frans I av Frankrike venta berre på høvet til å permanent annektere hertugdømet Savoie og området hennar. I 1536 gav Frans I ordre om å okkupere hertugdømet, som vart invadert av ein sterk militærkontingent: Karl III skjønte for seint kor svak staten hans var, og årøvde å forsvare byen Torino, men byen gjekk tapt den 3. april same året. Karl III trekte seg attende til Vercelli og prøvde å halde fram kampen, men fekk aldri sett staten fri for okkupasjonen.

Emmanuel Philibert var hertugen som meir enn nokon annan påverka den framtidige politikken i Savoie, og klarte å avslutte den meir enn 20 år lange okkupasjonen. Freden i Cateau-Cambrésis, som vart signert i 1559, gav hertugdømet attende fullt sjølvstyre.

Då dei skjønte at dei ikkje lenger kunne stole på Frankrike, vart hovudstaden og maktsenteret flytta til Torino, der forsvarsverka vart kraftig utbygd. Frå militærerfaringa si i Flandern, var Emmanuel Philibert vinnaren av det kjende slaget ved St. Quentin, sidan han hadde lært korleis han skulle styre ein arme. Han var derfor den første hertugen av Savoie som oppretta eit stabilt militærapparat, som ikkje bestod av leigesoldatar, men av spesialtrente soldatar frå Piemonte.

Sonen hans, Karl Emmanuel I, utvida hertugdømet med herredømet Monferrato og området til Saluzzo, som tidlegare var avstått til Frankrike, i 1601 med Lyon-traktaten. Uheldigvis enda krigane til Karl Emmanuel stort sett i nederlag, men han vert ofte hugsa som «den store», sidan han var ein allsidig og danna mann, og ein dyktig reformator. Han klarte å styre hertugdømet i ein periode då det var kriser i fleire av stormaktene i Europa og fann støtte hos hoffet til habsburgarane. Politikken til Karl Emmanuel var faktisk meir basert på internasjonal krigføring, slik som erobringa av Saluzzo, og arvefølgjekrigane til hertugdøma Mantova og Monferrato. Generelt tok Savoie Spania si side i desse krigane, men følgde stundom òg Frankrike (som til dømes Susa-traktaten kravde).

1600-talet endre

På 1600-talet pressa hoffet i Versailles Piemonte. Hertugdømet Milano hadde soldatar stasjonerte i Frankrike, og dei var til disposisjon for Pinerolo (ein av dei viktigaste skansane til Savoie), nær Torino. Hoffet, som hadde vore påverka av Spania med Karl Emmanuel I, vart fransk under dei tre etterfølgjarane hans. Ekteskapet mellom Vittorio Amedeo I og Maria Christina av Bourbon-Frankrike, den framtidige Madame Royal. Cristina hadde den verkelege makta i Savoia i den korte perioden til Francis Hyacinth og den unge Karl Emmanuel II.

Den sterke franske påverknaden, samt forskjellige uheldige hendingar ramma Piemonte etter Karl Emmanuel II døydde. Først og fremst vart området råka av pest i 1630, noko som medverka sterkt til den alt omfattande fattigdomen.

Arvefølgjekrigane i Monferrato hadde vore særs blodige på landsbygda og tvang Monferrato-borga til ei lang omleiring. Dette slo hardt ut på økonomien og den framtidige historia, og skjerpa den alt vanskelege situasjonen etter at Victor Amadeus I døydde. Han vart ein kort periode etterfølgd av den førstefødde mannen, Francis Hyacinth. Regentskapet vart så gjeve til Carlo Emanuele II, frå mora deira Christine Marie av Frankrike, og tilhengjarane deira tok namnet Madame. På grunn av dette vart Savoie til ein satellittstat for Ludvig XIII. Maurice av Savoie og prins Thomas Francis av Savoie, i lag med tilhengjarane deira, tok namnet Principles.

Torino vart kort tid etter omleira av begge grupper. Principles vann, og plyndra Torino i stor grad den 27. juli 1639. Først i 1642 kom det til semje mellom dei to gruppene, men no hadde enka til Victor Amadeus I sett sonen Karl Emmanuel II på trona. Under regentskapet hans starta det opp fleire religiøse krigar. I 1655 massakrerte soldatar frå Savoie mange protestantar i valdensiske dalar, kjed som Pasque Pieemonte, men dei vart stoppa etter internasjonalt press. Ein endeleg avtale med valdensarane kom i stand i 1664.

Styret til Karl Emmanuel II var eit første steg mot store reformer av etterfølgjarane hans det neste hundreåret. Særleg gjaldt dette skapinga av militsar i Savoie og det første offentlege skulesystemet i 1661. Han var ein danna mann, men òg ein stor statsmann, og lærte leksjonane Ludvig XIV gav Europa. Han ønskte å avgrense dette til hoffet i det praktfulle palasset Venaria Reale, eit meisterverk innan barokk arkitektur og ei gjenskaping av palasset i Versailles i Italia. Det var ei tid då byen voks raskt, og Karl Emmanuel II bygde Torino opp i barokk stil. Då han døydde vart han etterfølgd av ein ny Madama Reale, Maria Giovanna Battista av Savoie-Nemours.

Frå hertugdøme til kongedøme endre

Sonen til Karl Emmanuel II, Victor Amadeus II, var under regentskapet til mora, den franskfødde Marie Jeanne av Savoie dei første åra av regjeringstida si, der den energetiske mora prøvde å sameine krona til Savoie med den portugisiske, og dermed risikerte eksistensen til heile hertugdømet. Piemonte ville ha vorte redusert som dei andre italienske statane under utanlandske makter. Med avgjerslene til Victor Amadeus II hamna Savoie i eit dårleg forhold med krona i Paris, som førte til at hertugdømet vart invadert av franske styrkar. Savoie slo armeen til Ludvig XIV i omleiringa av Cuneo, men leid dramatiske nederlag i slaga ved Staffarda og Marsaglia. Victor Amadeus II gifta seg med Anne Marie d'Orléans, niesa til Ludvig XIV.

Etter den store alliansekrigen, tok Savoie sida til Ludvig XIV under den første fasen av den spanske arvefølgjekrigen. Etter at dei byta alliansar, vart Savoie igjen invadert av Frankrike, og troppane til markisen av Fouillade klarte å slå troppane til Savoie i Torino. Hendinga enda lukkeleg for Savoie då syskenbornet til hertugen, Eugene av Savoie dukka opp på slagmarka, og enda ein konflikt som spreidde øydeleggingar i Savoie.

Mot slutten av krigen i 1714 fekk Savoie Sicilia, og Victor fekk tittelen konge i tillegg til tittelen hertug av Savoie. I følgje London-traktaten av 1718, bytte Victor Amadeus II Sicilia for Sardinia i 1720. Sardinia vart så endra til kongedømet Sardinia. Dette nyoppretta landet vart kalla statane av Savoie eller kongedømet Sardinia, og bestod av Savoie, Piemonte, Aostadalen, Nice, Oneglia og Sardinia.

Etter den franske revolusjonen vart Savoie okkupert av dei franske revolusjonsstyrkane mellom 1792 og 1815. Landet vart først lagt til departementet Mont-Blanc, så i 1798 delt mellom departementa Mont-Blanc og Léman (det franske namnet på Genfersjøen). Savoie, i lag med Piemonte og Nice vart igjen til Statane Savoie etter Wienerkongressen i 1814-1815.

I 1860 vart hertugdømet Savoie annektert av Frankrike og den siste hertugen av Savoie, Victor Emmanuel II av Savoie, vart konge av Italia.

Hertugar i Savoie endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Då hertugdømet Savoie fekk Sicilia i 1713 og Sardinia i 1720, vart tittelen «hertug av Savoie» ein mindre tittelen ved sidan av tittelen konge. Hertugdømet Savoie vart verande ei administrativ inndeling av den nye nasjonen fram til provinsreforma til kong Karl Albert.