Hesteriding

forflytta seg på ryggen av ein hest

Hesteriding er det at ein sit (rir) på ein hest i rørsle og fortel han kva han skal gjera med hjelp av sjenklar, vektfordeling, stemme og hender. Riding er både ein måte å reisa på, ein fritidssyssel og ein idrett.

Sprang under terrengritt
Hesteriding som del av påskefeiringa i Feistritz an der Gail i Austerrike. Ryttaren rir utan sal og skal treffa ei tønne med ei jernklubbe.

Typar endre

Det finst mange ulike former for konkurransar i hesteriding:

  • Dressur er ein sport der ein dømmer kor lydig og smidig i rørslene hesten er, i lag med fysikk og evner. Dommarane ser òg på kor godt hesten og ryttaren går saman. Korleis ryttaren sit er òg viktig, det skal gå ein rett strek frå skuldrene, til hoftene og ned til anklane.
  • Sprang er når hest og ryttar (som saman blir kalla ein ekvipasje) skal ri feilfritt over hinder på best mogleg tid eller ha best teknikk og fungera best som eit team. Det finst fleire typar bedømmingar i sprang, A-bed, B-bed og C-bed. Den vanlegaste forma på større internasjonale stemnar består av to omgangar, der den første må vera feilfri for at ekvipasjen skal koma vidare til neste runde. Der er det om å gjera å koma fortast til mål med færrast mogleg feil. Det finst fleire typar stemne som er delte inn etter evnenivå. Klubbstemne er små lokale stemne der det ikkje er så høge klassar, og berekna for nyare deltakarar. I distrikstemne konkurrerer vidarekomne ryttarar. Banane er noko vanskelegare, og det blir stilt større krav. Neste kategori er lands- og elitestemne. Klassane her blir rekna som vanskelege og teknisk krevjande.
  • Trav er når fleire hestar konkurrerer mot kvarandre ved å trekka ein sulky (ein type vogn) raskast mogleg til mål utan å slå over i galopp eller ned til skritt.
  • Galopp er når fleire hestar rir mot kvarandre, og det gjeld å ha den raskaste hesten for å koma fyrst i mål. Galopp blir halden over fleire lengder.
  • Terrengritt er når ein rir ute i naturen og hoppar over naturhinder som ikkje kan rivast.
  • Distanseriding er tur-riding saman med andre deltakarar. Det finst mange forskjellige distanseturar. Her er det om å gjera å vera førstemann til mål. Dette er krevjande for hest og ryttar då det kan vera lange distansar.
  • Feltritt er når ein deltar i tre ulike konkurransar: Sprang ein dag, dressur ein annan og terrengritt ein tredje. Dei er dei tre greinene i feltritt.
  • Polo er ein lagsport som blir spelt på hesteryggen der målet er å scora mål mot eit motstandarlag. Spelarane scorar ved å køyra ein ball inn i målet til motstandaren med ei lang kølle. Den tradisjonelle sporten polo blir spelt med høg fart på eit stor grasfelt som er opptil 300 meter langt og 160 meter breitt. Kvart pololag består av fire ryttarar og hestane deira. Polo blir spelt profesjonelt i 16 land. Det var ein olympisk sport frå 1900 til 1936

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hesteriding