Hilde Fredriksen
Hilde Fredriksen (fødd 30. mars 1960) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo. Ho vann i tida 1977-86 til saman 18 NM-gull fordelt på 100 meter hekk, 400 meter hekk, lengdehopp og femkamp. I løpet av sine aktive år sette og forbetra ho 28 norske rekordar i hekkeløp. Fredriksen sin noregsrekord på 400 meter hekk frå august 1983 stod i bortimot 33 år. Ho var medlem 1977-80 i Grorud Idrettslag, 1981-85 i Oslo Idrettslag og 1986-89 i IK Tjalve.
Hilde Fredriksen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. mars 1960 (64 år) Grorud |
Idrett | friidrett, femkamp |
Utmerkingar | Kongepokal |
Aktiv
endreFredriksen slo gjennom sommaren 1977, 17 år gammal. På 100 meter hekk sette ho landsrekord med 14,1 på Bislett stadion i juli månad og med 14,0 i København i august månad 1977. Også på langhekken sette ho same sommaren norske rekordar, fyrst med 60,0 og straks etter 59,6 sekundar. I 1978 tok Fredriksen noregsrekorden på korthekken til 13,8 på Bislett i juni og til 13,6 i Steinkjer i august, før ho under EM 1978 oppnådde ho 13,63. På langhekken flytta ho rekorden til 58,4 i Larvik og 1. september presterte ho 58,12 under europameisterskapen i Praha.
I 1980 heldt Fredriksen fram med å forbetre dei norske rekordane i hekkeløp. Den 31. mai kom ho på korthekken inn på 13,60 sekundar i Steinkjer og 29. juni fekk ho den manuelt tekne tida 13,4 i Porsgrunn. På dagen to månader etter siste elektroniske rekord, viste klokka 13,59 på Bislett stadion den 31. juli. Tidlegare i månaden forbetra ho landsrekorden på langhekken til 57,62 sekundar i svenske Varberg. Etter som 400 m hekk i 1980 ikkje stod på OL-programmet, vart det halde ein uoffisiell verdsmeisterskap i Sittard i Nederland. Her sprang Fredriksen på 57,44 i forsøket. I finalen forbetra ho seg til 56,85 sekundar og enda med det på sjetteplassen.
Sommaren 1981 senka Fredriksen noregsrekorden til 13,58 på Raufoss den 30. mai og til 13,55 i Göteborg den 16. juni. Allereie 26. juni på Bislett stadion oppnådde ho 13,39 sekundar. Den 29. august fekk ho den manuelle tida 13,3 under eit stemne i Årdal.
Den 31. juli 1983 vart Fredriksen tildelt kongepokalen under noregsmeisterskapen etter å ha sett meisterskapsrekord på 400 meter hekk på 56,92 sekundar, ein rekord som vart sletta fyrst i 2017. I dei komande vekene forbetra ho noregsrekorden i øvinga til 56,66 i Helsinki og der etter den 20. august i Sittard sette ho sin siste rekord med 56,33 sekundar.
Etter 1983-sesongen slutta Fredriksen med langhekk, i staden satsa ho meir på lengdehopp. Nettopp i 1983 vann ho den hittil (2017) skarpaste lengdetevlinga for kvinner i noko noregsmeisterskap. I medvind sigra ho med 6,48 meter, framom Heidi Benserud med 6,36 m og Mette Karin Ninive med 6,32 m. Sin siste personlege rekord sette Fredriksen med eit lengdehopp på 6,40 m i Luzern i 1986.
Noregsmeister
endre- 100 meter hekk: 1977, 1978, 1979, 1980, 1981, 1982, 1985 og 1986 (8)
- 400 meter hekk: 1977, 1978, 1980, 1981 og 1983 (5)
- Lengdehopp: 1983, 1985 og 1986 (3)
- Femkamp: 1977 og 1980 (2)