Hilde Opoku

norsk politikar

Hilde Opoku (fødd 4. mai 1968 i Trondheim) er ein norsk politikar i Partiet Sentrum. Ho var ein av to nasjonale talspersonar for Miljøpartiet Dei Grøne i 2014–2016. Ho var varaordførar i Trondheim frå 2015 til 2017.[1] Opoku har tidlegare vore landsstyremedlem i partiet. Før overgangen til Dei Grøne i 2010 sat ho i bystyret i Trondheim for Sosialistisk Venstreparti.[2] Ho meldte seg i november 2020 inn i Partiet Sentrum.[3]

Hilde Opoku

Fødd4. mai 1968 (56 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiMiljøpartiet Dei Grøne (2010; 2018), Sosialistisk Venstreparti (ukjend; 2010), Partiet Sentrum (2020)
Yrkepolitikar, statsvitar
VervTalsperson for Miljøpartiet De Grønne 2014–2016
FøregangarHanna Marcussen
EtterfylgjarUne Aina Bastholm
VervVaraordførar i Trondheim 2015–2017 (MDG)
FøregangarKnut Fagerbakke
EtterfylgjarOla Lund Renolen
VervBystyrerepresentant i Trondheim 2011–2015 (MDG)
VervBystyrerepresentant i Trondheim 2007–2011 (SV/MDG)
VervBystyrerepresentant i Trondheim 2003–2007 (SV)

Opoku har også vore nestleiar i Framtiden i våre hender og fylkesleiar i Grønn Hverdag i Sør-Trøndelag.[2] Ho er utdanna statsvitar med industriell økologi som spesialfelt.[4]

Politisk karriere

endre

Opoku blei vald inn i Trondheim bystyre i 2003, då som representant for Sosialistisk Venstreparti. Ho var medlem av Oppvekstkomiteen. I 2007 blei ho attvald til bystyret, og blei også leiar for oppvekstkomiteen. I 2010 melde ho overgang til Miljøpartiet Dei Grøne, og gjekk over til kontrollkomiteen.[4] I 2011 blei ho igjen vald inn i bystyret, no på lista til Dei Grøne, og ho fekk vervet som nestleiar i kultur-, idrett- og friluftslivskomiteen.[5]

Opoku blei vald inn i landsstyret i MDG i 2011 og hadde også fleire andre verv i partiet, før ho i april 2014 blei vald som ein av partiet sine to nasjonale talspersonar, saman med Rasmus Hansson. Ho tok då over etter Hanna Marcussen som hadde vore den kvinnelege talspersonen i seks år.[6].

I 2015 toppa Opoku MDG si liste til bystyret i Trondheim og blei gruppeleiar for MDG sine fem representantar. Ho tiltredde som varaordførar i oktober 2015. I 2017 søkte ho om eit års permisjon for å vere rådgjevar for regjeringa i Ghana.[7] Ho var gruppeleiar for partiet i bystyret i Trondheim fram til september 2017 då Opoku byrja som spesialrådgjevar for SN sitt berekraftsmål (SDGs) for regjeringa i Ghana. Her initierte og leia Opoku arbeidet med å utvikle det fyrste systemet for SDG budsjettering og rekneskapsanalyse i verda, i tillegg til den fyrste SDG Investment fair i Afrika.

Familie

endre

Namnet Opoku er frå språket twi og er erverva ved ekteskap med Paul Opoku frå Ghana.[8]

Kjelder

endre
  1. «Opoku blir varaordfører». NRK nyheter. 16. september 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Velkommen til Hilde Opoku». 
  3. Granviken, Simen (16. oktober 2020). «With, Opoku og Hildrum til nytt parti». adressa.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 20. oktober 2020. Henta 23. november 2020. 
  4. 4,0 4,1 Våre kandidater Arkivert 4. mai 2014 på Wayback Machine. - MDG Trondheim. Lest 4. mai 2014
  5. Opoku, Hilde Arkivert 4. mai 2014 på Wayback Machine. - Politikerprofil, Trondheim kommune. Lest 4. mai 2014
  6. «Ny toppledelse i Miljøpartiet De Grønne». Arkivert frå originalen 4. mai 2014. Henta 4. mai 2014. 
  7. Nilsen, Petter Moen. «Hilde Opoku har søkt om permisjon fra jobben som varaordfører i Trondheim». NRK (på norsk bokmål). Henta 9. oktober 2018. 
  8. HEYERDAHL, RAGNHILD (9. september 2015). «Hilde Opoku frir til fagbevegelsen». frifagbevegelse.no (på norsk bokmål). Henta 13. november 2020.