Hilkka Riihivuori

(Omdirigert frå Hilkka Kuntola)

Hilkka Riihivuori, fødd Kuntola, (fødd 24. desember 1952) er ein finsk tidlegare langrennar frå Jurva i Södra Österbotten. Ho vann ni medaljar i ulike internasjonale meisterskap, fem i verdsmeisterskap og fire i olympiske vinterleikar. Riihivuori si einaste gullmedalje kom då Finland vann VM-stafetten på heimebane i Lahti i 1978.

Hilkka Riihivuori

Statsborgarskap Finland
Fødd 24. desember 1952 (71 år)
Jurva
Yrke langrennsløpar
Språk finsk
Høgd 162 centimeter
Hilkka Riihivuori på Commons

Aktiv endre

Hilkka Kuntola viste allereie i unge år stort talent i langrennsløypa. Både i 1968, -70 og -71 vart ho junior-europameister i langrenn. Under Vinter-OL 1972 i Sapporo kom ho på femteplass på 5 km og ho gjekk andreetappen på det finske laget som vann sølv i 3 x 5 km stafett. Fire år seinare vann ho eit nytt stafettsølv då dei olympiske vinterleikane 1976 fann stad i Innsbruck, og ho kleiv til fjerdeplass på 5-kilometeren.

Ski-VM 1978 vart arrangert på finsk heimegrunn i Lahti, enda Riihivuori opp med å verte nummer ein, to, tre og fire i dei fire langrennstevlingane for kvinner. Gullmedaljen fekk ho i 4 x 5 km stafett saman med Taina Impiö, Marja-Liisa Hämäläinen og ankerkvinna Helena Takalo. Same Takalo vann 5 km framfor nettopp Riihivuori, som på si side tok bronsemedaljen på 10 km og kom på fjerdeplass på den avsluttande 20-kilometeren.

Frå Vinter-OL 1980 i Lake Placid reiste Riihivuori heim med to sølvmedaljar, etter å vorte slått med få sekundar av høvesvis Raisa Smetanina frå Sovjetunionen på 5 km og austtyske Barbara Petzold på 10 km. Også under Ski-VM 1982 i Oslo vann Riihivuori sølvmedaljane på 5 og 10 km, men då bak norske Berit Aunli i begge tevlingane. I same meisterskapen tok ho også bronsemedaljen på 20 km. Ho la opp ved sesongslutt.

Skiskyttarane Erkki Antila og Keijo Kuntola er syskenbarna hennar.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.