Himalchuli er eit 7 893 meter over havet høgt fjell i fjellkjeda Mansiri Himal i Himalaya. Fjellet ligg sør for Manaslu, det høgste fjellet i Mansiri Himal. Himalchuli er det 18. høgste fjellet på jordklota. Det består av tre toppar: Austtoppen er høgst (7893 moh), medan vesttoppen er 7 540 moh og nordtoppen er 7 371 moh.

Himalchuli, sett frå sør

To japanske klatrarar steig til topps på Himalchuli den 24. mai 1960, som dei aller fyrste menneske.

Kjelder endre