Det som kan kallast hinduskrifter er ei overveldande samling av nedskrivne rituale og bøner, myter og legender, openberringar og tolkingar som er blitt til gjennom den lange skrifthistorien til hinduismen. Ein stor del av litteraturen er på sanskrit, men det finst òg skrifter på andre indiske språk.

Ein deler som regel skriftene i to hovuddelar: Sjruti, 'det som blir høyrd', altså openberringar, og smriti, 'det som blir hugsa', eller tradisjonar. Vedaene høyrer til hovudsakleg den første gruppa og blir sett på som heilage skrifter av alle hinduar. Seinare verk, som Mahabharata og Ramayna, er episke verk frå den andre gruppa som mange hinduiske sekter ser på som heilage.

Ofte vil hinduar lesa skriftene sine på fleire nivå. I tillegg til den bokstavelege tydinga av teksten vil ein òg sjå etter symbolske, andelege tydingar. Dette gjer at skriften kan tolkast på fleire ulike måtar, alt ut frå kvar lesaren sjølv er andeleg.

Bakgrunnsstoff endre