Hirbnafsah
Hirbnafsah (arabisk حر بنفسه, òg skrive Harb Nafseh eller Harbanafsa) er ein by nordvest i Syria i Hama guvernement, sørvest for Hama. Av stader i nærleiken finn ein Deir al-Fardis i nord, Tumin og al-Rastan i aust, Kisin og Kafr Nan i sør, Talaf i sørvest. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde Hirbnafsah eit folketal på 3 574 i 2004. Han er det administrative senteret og den sjette største staden i Hirbnafsah nahiyah («underdistrikt») som består av 26 stader med eit samla folketal på 54 592.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]
Hirbnafsah | |||
Harb Nafseh, حر بنفسه | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hama | ||
Distrikt | Hama | ||
Nahiyah | Hirbnafsah | ||
Koordinatar | 34°56′14″N 36°37′18″E / 34.93722°N 36.62167°E | ||
Folketal | 3 574 (2004) | ||
Hirbnafsah 34°56′14″N 36°37′18″E / 34.93722222°N 36.62166667°E | |||
Kart som viser Hirbnafsah.
|
Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi nemnte at Hirbnafsah var «ein landsby under Hims» då han vitja i 1225 under styret til Ajjubide-dynastiet.[3]
Under den syriske borgarkrigen, som byrja i 2011, hevda opposisjonen at 40 menneske i Hirbnafsa vart drepne etter at den syriske hæren og pro-statleg militssoldatar bomba landsbyen den 6. august 2012. Andre opposisjonskjelder gav talet til å vere 11, inkludert fem barn.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hirbnafsah» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Smith, Eli; Robinson, Edward (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 3. Crocker and Brewster.
- le Strange, Guy (1890), Palestina Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund
- ↑ Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)
- ↑ Smith, 1841, s. 178.
- ↑ le Strange, 1890, s. 448.
- ↑ Syria TV 'hit by bomb attack' in Damascus. BBC News. 21. mai 2014.