Historia til Württemberg

Württemberg utvikla seg som ei politisk eining sørvest i Tyskland, med ein kjerne kring Stuttgart av grev Konrad (d. 1110). Etterkomarane hans klarte å utvide Württemberg, overleve religionskrigane i Tyskland, endringar i politikken i Det tysk-romerske riket og invasjonar frå Frankrike. Staten hadde eit grunnleggande parlamentarisk system som vart endra til einevelde på 1700-talet. Staten vart anerkjend som eit kongedøme i 1806–1918 og er i dag ein del av delstaten Baden-Württemberg.

Det gamle slottet i Stuttgart

Tidleg historie endre

Dei første kjende innbyggjarane i Württemberg var keltarar. I det første hundreåret evt. erobra romarane området. Tidleg på 200-talet dreiv alemannarar romarane til andre sida av Rhinen og Donau, men dei vart igjen underlagt frankarane under Clovis, i eit avgjerande slag i 496.

I om lag fire hundreår var området ein del av Frankarriket, styrt av grevar, før det på 800-talet vart ein del av det ty ske Hertugdømet Schwaben.

Grevskapet Württemberg til 1495 endre

 
Våpenskjoldet til grevane av Württemberg
 
Eberhard III i råd

Hohenstaufen-familien kontrollerte hertugdømet Schwaben til Conradin døydde i 1268, då ein stor del av landområdet kom inn under greven av Württemberg.

Ein av dei tidlegaste grevane av Württemberg ein kjenner til var ein Ulrik I av Württemberg, som herska frå 1241 til 1265. Etterkomarane hans utvida gradvis grevskapet. I 1381 kjøepte dei hertugdømet Teck og gjennom eit ekteskap vart Montbéliard lagt til i 1397. Familien delte landområda mellom arvingane sine fleire gonger, men i 1482 med Münsingen-traktaten vart området igjen samla og erklært udeleleg under grev Eberhard V im Bart (med barten). Denne ordninga vart godkjend av den tysk-romerske keisaren Maximilian I og av riksdagen i 1495.

Frå 1457 hadde Württemberg eit parlament med to kammer kalla Landtag. Dette var uvanleg for Tyskland. I 1477 grunnla grev Eberhard Universitetet i Tübingen.

Hertugdømet Württemberg (1495–1805) endre

 
Våpenskjoldet til Württemberg, 1495

Hertugdømet overlevde hovudsakleg fordi det var langt større enn dei omkringliggande naboane. Det var derimot ofte under press under reformasjonen frå det katolske tysk-romerske riket, og frå fleire franske invasjonar på 1600- og 1700-talet. Württemberg låg i vegen for Frankrike og Austerrike i dei mange krigane mellom Bourbon- og Habsburg-dynastia.

Kongedømet Württemberg (1806–1918) endre

For meir om dette emnet, sjå kongedømet Württemberg.
 
Kongedømet Württemberg som det eksisterte frå slutten av napoleonskrigane til slutten av fyrste verdskrigen

Den 1. januar 1806 tok hertug Fredrik II tittelen konge som kong Fredrik I. Han la mellom anna kyrkjeområda under staten. I 1806 vart han med i Rhinenkonføderasjonen og fekk annektert område med kring 160 000 innbyggjarar. Litt seinare med freden i Wien i oktober 1809, kom ytterlegare 110 000 innbyggjarar under styret hans. Til gjengjeld vart Fredrik med Napoleon Bonaparte i felttoga hans mot Preussen, Austerrike og Russland, og 16 000 av soldatane hans marsjerte til Moskva. Berre nokre få hundre kom attende. Etter slaget ved Leipzig (oktober 1813), forlet kong Fredrik den franske keisaren og gjorde ein avtale med Metternich ved Fulda i november 1813 der han sikra seg kongetittelen og dei nyvunne områda, medan soldatane hans marsjerte med dei nye allierte inn i Frankrike.

I 1815 vart kongen med i Den tyske konføderasjonen og kongedømet blømde utover 1800-talet. Kongane av Württemberg hadde alltid støtta Austerrike i kampen mot Preussen om Tyskland, og i 1866 gjekk dei inn på austerriksk side i den austerriksk-prøyssiske krigen. Tre veker etter slaget ved Königgratz (3. juli 1866) vart soldatane frå Württemberg grundig slått ved Tauberbischofsheim, og landområdet låg ope for prøyssarane. Prøyssarane okkuperte den nordlege delen av Württemberg og forhandla fred i august 1866. Sjølv om Württemberg framleis var fiendtleg innstilt til Preussen, var kongedømet ein del av den nye nasjonalistiske kjensla som sveipa over Tyskland, og då den fransk-prøyssiske krigen braut ut i 1870, spelte soldatane frå Württemberg ein stor rolle i slaget ved Worth og i andre operasjonar i krigen. I 1871 vart Württemberg ein del av Det tyske keisardømet, men fekk halde kontroll over sitt eige postvesen, telegrafar og jarnbanar.

Innbyggjartalet i 1905 var kring 2,3 millionar, der 69 % var protestantar, 30 % katolikkar og 0,5 % jødar.

Nyare historie endre

Etter den fyrste verdskrigen var over i november 1918 abdiserte kong Vilhelm II den 30. november og eit republikansk styre tok over.

Württemberg vart ein stat (Land) i den nye Weimarrepublikken. Etter den andre verskrigen i 1945 vart Württemberg delt mellom Württemberg-Baden i Bizonia, og Württemberg-Hohenzollern i den franske sonen. Begge desse vart til slutt ein del av delstaten Baden-Württemberg i 1952.

Kjelder endre