Historisk tidsskrift

Historisk tidsskrift (av og til omtalt som Norsk historisk tidsskrift eller NHT for å skilje det frå dansk Historisk Tidsskrift) har vore det leiande vitskaplege tidsskriftet for historievitskap i Noreg sidan 1870. Det første heftet kom ut i månadskiftet mai/juni dette året, det andre heftet om hausten og det tredje rundt juletider 1870. Det fjerde heftet kom ut hausten året etter, og først då var den første årgangen komplett.[1]

Historisk Tidsskrift  
Forkorta tittel (ISO) HIST TIDSSK
Fagfelt Historie (070)
Fagfellevurdering Full fagfellevurdering
Språk norsk
Om tidskriftet
Utgjevar Universitetsforlaget (Norge)
Publikasjonshistorie 1870 til nå
Publiseringsnivå Vitenskapelig nivå 1
Bibliografisk indeksering
ISSN 0018-263X
ITAR-kode 8970
Lenkjer
Første band av Historisk Tidsskrift, 1871.

Historisk tidsskrift publiserer fagfellevurderte artiklar, debatt- og kommentarbidrag og bokmeldingar av historiefaglege bøker. Tidsskriftet er det nest eldste eksisterande vitskaplege tidsskriftet i Noreg som enno vert utgjeve.[2][3] Målgruppa er forskarar, studentar og historielærarar. Historisk tidsskrift vert gjeve ut av Den norske historiske forening (HIFO) i samarbeid med Universitetsforlaget.[4]

Lokaliseringa av redaksjonen går på omgang mellom forskingsmiljøa i historie, og var frå 2019 lokalisert til Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen, med Frode Ulvund som redaktør.

Til saman har kring 1200 ulike forfattarar bidrege til tidsskriftet sidan starten.

Tidsskriftet var i 2004 klassifisert som eit nivå 1-tidsskrift innan vitskapleg rapportering. Deretter var det frå 2005 til 2012 på nivå 2, men vart frå 2013 igjen sett til nivå 1.[5]

Tidsskriftet publiserer Open Access på idunn.no/ht

RedaktørarEndra

Redaktørstillinga i Historisk tidsskrift vart skild ut frå formannsvervet i Den norske historiske forening frå 1955. Frå då av var redaktørane:

Historisk Tidsskrift-prisenEndra

Frå 2010 har styret i HIFO tildelt pris til det meste nyskapande bidraget til Historisk tidsskrift i løpet av kalenderåret

  • 2010: Tore Linné Eriksen for «Folkemord i et komparativt koloniperspektiv: et riss av en fagdebatt», i Historisk tidsskrift nr. 3/2009
  • 2011: Hans Jacob Orning for debattartikkelen «Norsk middelalder i et antropologisk perspektiv. Svar til Knut Helle» i Historisk tidsskrift nr. 2/2010
  • 2012: Inger Bjørnhaug for «Erfaringer fra historieforskningens skyggedal» i Historisk tidsskrift nr. 3/2011
  • 2013: Dag Hundstad for «Historikeren som regionbygger? – et fagkritisk perspektiv på fire landsdelshistoriske verk» i Historisk Tidsskrift nr. 1/2012
  • 2014: Eirinn Larsen og Lars Fredrik Øksendal for «De glemte kvinnevalgene» i Historisk tidsskrift nr. 4/2013

ReferansarEndra

  1. «Forord». Historisk tidsskrift. 02 (norsk). 99: 95–96. 2020. ISSN 1504-2944. doi:10.18261/issn.1504-2944-2020-02-01. Henta 14. juni 2021. 
  2. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter
  3. Norsk militært tidsskrift som har kome ut sidan 1831 er ikkje rekna som vitskapleg
  4. «Historisk tidsskrift - Idunn», www.idunn.no (på norsk), henta 5. november 2019 
  5. Publiseringskanaler, Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Besøkt 23. desember 2013.

BakgrunnsstoffEndra