Hjørundfjordstranda

Hjørundfjordstranda har i seinare år vore nemninga for den om lag 15 km lange strekninga mellom Store-Standal og Brattheim, på vestsida av den ytre delen av Hjørundfjorden i Ørsta kommune.

Utsyn frå Storhornet ved Store-Standal utover Hjørundfjorden mot Ålesund, Hjørundfjordstranda til venstre på biletet
Foto: Johan Simon Seland
Frå Store-Standal
Foto: Johan Simon Seland

VegsambandEndra

Fylkesveg 5912 går langs Hjørundfjordstranda, mellom Festøya og Store-Standal. Vegen er 15,7 km lang. Hjørundfjordstranda har såleis vegsamband i Festøya med  . Vegen vart opna for trafikk 28. mai 1966.[1]. Vegen er svært rasutsett, men har etter kvart fått fonnvern på dei fleste farlege punkta.

Fylkesveg 5912 held fram vidare med   ferje frå Store-Standal til Trandal, Sæbø og Lekneset. Det er kommunal veg frå Store-Standal over Standalseidet til Fv55 i Kolåsen (9,5 km) i Follestaddalen.

MatrikkelgardaneEndra

Rekna frå sør og mot utlaupet av fjorden omfattar Hjørundfjordstranda matrikkelgardane Store-Standal, Stavset, Ytre-Standal, Ytsteneset, Årsneset, Ytre-Årsneset, Klubbeneset, Saltre, Indre-Øyra, Ytre-Øyra, Skarbøen og Brattheim.

Før vart gjerne heile ytre del av Hjørundfjorden kalla for Strendene, og då vart også gardane på austsida rekna med: Strandabøen, Molaupen, og bygda Trandal med gardane Nes, Trandal og Rynningen.

Det har også vore vanleg å kalle strekninga frå og med Årsnes til og med Brattheim for Stranda.

Grunnkrinsar og folketalEndra

Hjørundfjordstranda består av to grunnkrinsar. I følgje SSB hadde Store-Standal 30 innbyggjarar, og Ytre-Standal/Brattheim 23 innbyggjarar pr. 1. januar 2009.

FjellEndra

Langs heile Hjørundfjordstranda går fjella rett opp frå fjorden, og her er ei rekkje flotte toppar. Nokre av desse, rekna frå innlaupet til fjorden og sørover: Festøykollen (911 m), Jønshornet (1419 m), Ytstenestinden (1180 m), Longenestinden (1206 m), Storhornet (1310 m).

FotnotarEndra

  1. Johannes Festøy:Ferjetrafikken over Festøy. Minne frå Vartdalsstrand Årsskrift 2008