Hjelp:Flytta ei side

Om du har laga ein artikkel under feil tittel (t.d. lagra den under forkortinga i staden for heile namnet eller feilstavingar) finnes det ein funksjon for å flytte artikkelen til det rette namnet.

Merk at du må vere pålogga for å kunne flytte ei side.

Finn fram den artikkelen du ynskjer å flytte og trykk på "Flytt" heilt øvst på sida. Her vert du spurt om den nye tittelen og om du ynskjer å flytte med diskusjonssida (det bør du oftast gjere). Når du trykker på knappen "Flytt side" no vert artikkelen flytta til den nye sida og den gamle sida vert omdirigert til den nye (mao. vil folk som vitjar den gamle artikkeladressa verte sende til den nye som du nett har oppretta under flyttinga).


Kvifor ein flyttefunksjon? endre

Det som er so flott med flyttefunksjonen er at den flyttar heile artikkelen, med redigeringslogg og diskusjonsside, so ein ikkje tapar noko av den informasjonen som gjer Wikipedia til det det er. Det er med andre ord ynskjeleg at ein so ofte som mogeleg nyttar seg av flyttefunksjonen, heller enn å klippe ut teksten og lime den inn på den nye sida, då redigeringsloggen er ein viktig del av Wikipedia. Om du ikkje nyttar deg av flyttefunksjonen er det fint om du kommenterar m.a. kvifor på diskusjonssida.

Om det allereie er noko på den nye sida vil du få beskjed om det. Om du tykkjer innhaldet på den sida bør slettast kan du skrive inn sida i lista over sider som bør slettast.