Opna hovudmenyen

OmdirigeringEndra

Ei omdirigering sender brukaren raskt frå sida han søkte på til sida artikkelen ligg på. Omdirigeringar er viktige å bruka for å sikra at flest mogleg finn det dei leiter etter. Det er mellom anna vanleg å bruka omdirigering for ulike stavemåtar av namn

FramgangsmåteEndra

Du lager lett omdirigering sjølve ved å skriva #OMDIRIGER [[målside]] på sida det skal omdirigerast frå. Du kan òg bruka den engelske kommandoen #REDIRECT, som verker på alle wikimediaprosjekta.

FlyttingEndra

Sider kan flyttast av alle innlogga brukarar. Det blir då automatisk laga ei omdirigeringsside frå den gamle sida til den nye.

FramgangsmåteEndra

Kvar redigerbare side har ein "Flytt"-funksjon som kan brukast av alle brukarar. Sida kan flyttast til ei tom side eller til ei side som omdirigerer (men som ikkje har historikk). Ein kan ikkje flytte til ei side som allereie finst. I slike tilfelle må ein administrator sletta sida som er i vegen.

Før du flytter er det viktig at du finn ut om det er greitt, anten ved å lesa retningslinene for namngjeving eller ved å lufta forslaget på diskusjonssida til artikkelen.

For at flyttinga skal vera fullstendig må du òg sjekka kva som lenkjer til sida. Doble omdirigeringar verker ikkje og må rettast.