Hjelp:Wikidata liste

Generert tabell frå lokal «Wikidata list» og Listeria, med handles laga av ein tilleggsfunksjon.

Wikidata liste er eit forsøk på å beskriva prosessen med å laga ei liste eller tabell utor ei spørjing mot Wikidata. Det er ein meir fullstendig introduksjon på Wikidata-prosjektet.

Ei liste består av to malar; {{Wikidata list}} som innleier lista eller tabellen, og {{Wikidata list end}} som avsluttar ho. Den siste tar ingen argument, men den første tar fleire. I tillegg blir brukt {{Wikidata list documentation}} i toppen av sida viss lista eller tabellen blir lagd ut på ei malside, eller {{Wikidata list menu}} viss den blir lagd ut på ei brukar- eller prosjektside. Ein Wikidata tabell eller liste bør ikkje leggast rett i hovedrommet fordi endringar av skribentar overskrivast ved oppdatering. Viss ein tabell eller liste berre skal oppdaterast automatisk så kan dissa malane blir utelatne.

sparql endre

Den (eller dei) viktigaste argumenta til Wikidata list er sparql som er sjølve spørjinga, som blir gjord via spørrespråket SPARQL. Slike spørjingar blir sende vidare til d:Wikidata:SPARQL query service, som har eit endepunkt med grafisk grensesnitt. I nokre tilfelle kan det vera aktuelt å bruka wdq, men det er helst for legacy code. Spørjinga genererer eit resultatsett, og resten av argumenta til Wikidata list er formatering og utlegg av dette resultatet.

Ein typisk, men kanskje overforenkla spørjing, for å lista norske fylke ser ut som

SELECT ?item
WHERE {
  ?item wdt:P31 wd:Q192299 .
}

Alle termar som innleier med eit spørsmålsteikn er ting vi ikkje veit, og som vi ønsker at skal bli fylt ut. For å klargjera ordninga av desse blir dei plassert i eit SELECT fråsegn. Det vi faktisk spør om går i WHERE fråsegna.

I nokre tilfelle kan vi enda med ein overspesifisert spørjing, og då kan vi få eit tomt resultatsett. I andre tilfelle kan vi få eit enkelt resultat. Det vi som oftast ønsker når vi bruker malverket for ei Wikidata liste er at vi skal få eit sett av resultat.

Viss vi prøver å køyra denne spørjinga i endepunktet for SPARQL Query Service så får vi berre Q-identifikatorene, som ikkje er så interessant. For å få lesbare etikettar (og skildringar) så kan vi endra spørjinga noko

SELECT ?item ?itemLabel ?itemDescription
WHERE {
  ?item wdt:P31 wd:Q192299 .
  SERVICE wikibase:label { bd:serviceParam wikibase:language "[AUTO_LANGUAGE],en" . }
}

I dette tilfellet har vi lagt til ein SERVICE, og dette gjer det mogleg å spørja om etikett og skildring sjølv om dette ikkje eigentleg er fråsegn i elementet. Vi ber òg om ei teneste for etiketten (wikibase:label), men merkeleg nok får vi òg med skildringa. Ikkje heilt konsistent! Denne tenesta filtrerer ut språket slik vi ber om det via content negotiation, eller ved å falla tilbake til engelsk.

Når vi bruker Wikidata list så treng vi ikkje å bruka denne tenesta, for botten handterer dette.

Dei litt merkelege «wd», «wdt», og «wikibase» er navnerom for identifikatorene. Kvart av desse legg på litt ulik tolking av identifikatorene. Navnerommet «wd» er til dømes alle identifikatorer som er definert på Wikidata, medan «wdt» er alle identifikatorer som i tillegg er «truthy». At ein eigenskap er truthy vil seia at det har ein definert verdi.

columns endre

Det nest viktigaste argumentet er columns som bestemmer kva utsegner som skal takast med frå elementa. Det er fleire måtar å definera dette, men i første dømet vil vi setja opp ein mal som

Døme endre

Dette er døme som er meinte som gode utgangspunkt for vidare arbeid

Problem endre

Typiske problem som dukkar opp

No items
SPARQL-spørringen genererte ikkje nokre treff

Sjå òg endre