Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Amiga».

I datavitskapen er Amiga nemningi på ei rad ulike datamaskinar som hev vore baserte på 68000-processorane frå Motorola. Det finst dessutan nyutgjevingar av Amiga-maskinen, kalla AmigaONE, som hev nytta seg av PowerPC-arkitekturen.

Soga endre

Utviklingi av det som fyrst skulde vera ei spelmaskin byrja i 1982.

Den fyrste Amiga-maskinvara vart teikna av Jay Miner. Ho var skilsetjande då ho kom i 1985 og hadde brikkesetet OCS (original chipset) med høgt utvikla bilæte- og ljod-eigenskapar. Amiga vart ei populær spelmaskin, serleg i Europa, då folk bytte ut 8-bit-maskinor som Commodore 64. Amiga fekk òg ei marknadsrolla i video-tilverking.

Då produsenten Commodore gjekk konkurs i 1993, gjekk Amiga-teknologien ei uviss framtid i møte. Rettane til Amiga-teknologien hev mange gonger vorte yvertekne av nye interessentar, men kvar gong hev det synt seg at dei nye eigarane ikkje hev vore interesserte eller ikkje i stand til å utvikla nye Amiga-modellar.

 
Ei Amiga 500-maskin med 1084S RGB-skjerm og A1010-diskettdrev.

Tekniske eigenskapar endre

Operativsystem endre

Amiga vart tidleg kjend for å ha godt utbygd samkøyring i det operativsystemet som i dag er kjent som AmigaOS. Operativsystemet var millom anna i stand til å køyra multitasking, noko som på midten av 1980-talet var uvanleg på andre maskinar enn dei som køyrde UNIX. Operativsystemet nytta ikkje memory-protection, og dette gjorde at systemet arbeidde sers snøgt. Minuset med denne filosofien var at programmeraren laut vita kva han heldt på med um han ikkje skulde øydeleggja for andre program. Dette er den same problematikken som me framleis hev i moderne sanntidsoperativsystem.

Andre operativsystem som enno finst og er istandhaldne for classic Amiga er Linux, NetBSD, og OpenBSD. Commodore Amiga Unix (bygd på AT&T System V Rel. 4) fanst berre til A2500 og A3000.

Amiga i Noreg endre

Noreg var eitt av dei landi der Amiga vart mykje nytta. Serskilt innanfor demoscenen var det mange dugande Amiga-utviklarar. Det var dessutan eit svært aktivt BBS-miljø for Amiga-brukarar. Eit netverk av sokalla elitebasar heldt det gangande med spreiding av spel og nytteprogram for Amiga til langt ut på 1990-talet.