Hn/Elv
Ei elv er ein naturleg vassveg. Elvar renn mot havet, ein innsjø eller ut i ei anna elv. Ei svært stor elv bliv ofte kalla ei flod, medan ei svært lita elv er ein bekk. Ein kanal er ei menneskeskapt elv.
Elvar kan setta preg på landskapet på ulike vis. Yver lang tid kan dei grava seg nedyver i steingrunnen og laga bratte dalar, såkalla elvedalar eller V-dalar. På flatlandet vil ei elv ofte bukta seg til høgre og venstre framfor å renna rett – dette kallar ein å meandra. Der elva renn nedyver ei fjellside, vil ho ofte danna ein foss. Ei stor elv som fører med seg mykje slam, kan danna eit elvedelta der ho renn ut i havet.
Sidan vatnet i elvane er ferskvatn, er livet i ei elv annleis enn livet i havet. Nokre artar, som laks, kan liva i begge miljøi.
Elvar og menneski
endreFlaum
endreI tider med mykje nedbør eller snjosmelting fører elvar med seg mykje vatn, og kan dermed fløyma yver. Dette kan føra til skadar på liv og eigedom, men nokre samfunn, som det gamle Egypt rundt Nilen, har basert seg på næringsstoffi vårflaumen førte med seg.
Ferdsel
endreI hundradår hev store og små elvar vore viktige ferdselsårer for transport av folk og varer i innlandet. Folk har slått seg ned langs elvar, og svært mange byar er bygde langs breidda av ei elv.
Elvar har òg hindra ferdsel ved å sperra den vegen ein ynskjer å ta. Mange imponerande bruer er bygde for å letta ferdsla yver ei elv.
Energi
endreElvar fører med seg vatn som kan brukast til irrigering i jordbruk. Dei inneheld òg mykje potensiell energi som kan brukast direkte, som til å driva vassmylnor, eller til å laga straum ved at ein legg elva i røyr og bruker henne til å driva turbinar.
Elvar i mytologien
endreEttersom mange elvar hev hatt makta yver skjebnen til så menneske, er dei blitt svært viktige i religionane og legendone deira. Innan hinduismen er eit stort tal elvar heilage, og mange av dei er personifiserte, som regel som ei gudinne.
Kjende elvar
endreNorske elvar
endreSjå òg Elvar i Noreg
- Altaelva (49 km, 101 m³/s)
- Drammenselva (48 km, 300 m3/s)
- Gaula (145 km)
- Glomma (604 km, 698 m³/s)
- Gudbrandsdalslågen (204 km)
- Hallingdalselve (220 km)
- Lærdalselva
- Namsen (200 km)
- Nea-Nidelvvassdraget (160 km )
- Nidelva (30 km)
- Numedalslågen (352 km)
- Orkla (179 km)
- Otra (245 km)
- Pasvikelva (145 km)
- Skiensvassdraget (252 km)
- Stjørdalselva (50 km)
- Utla
- Tanaelva (348 km)
- Trysilelva (460 km)
- Vefsna (160 km)
- Vorma (30 km)
Verdas elver
endre- Amazonas (Brasil) (6 400 km, 219,000 m³/s)
- Amur (Russland, Kina) (4 444 km, 4,444 km)
- Chang Jiang (Kina) (6 300 km, 31,900 m³/s)
- Donau (Europa) (2 860 km6, 500 m³/s)
- Eufrat (Irak) (2 800 km, 818 m³/s)
- Ganges (2 510 km, 14 270 m³/s)
- Huang He (Kina) (5 464 km, 2 571 m³/s)
- Jenisej (Russland) (5 539 km, 19 600 m³/s)
- Kama (Russland) (1 805 km)
- Kongoelva (Den demokratiske republikken Kongo) (4 700 km, 80 832 m³/s)
- Lena (4 400 km, 17 000 m³/s)
- Lovat (Russland) (530 km, 105 m³/s)
- Nilen (Sudan, Egypt) (6 650 km, 2 830 m³/s)
- Ob (3 650 km, 12 500 m³/s)
- Paranáelva (2 570 km, 16 800 m³/s)
- Po (652 km, 1 560 m/s)
- Rhinen (1 320 km, 2 200 m/s)
- Rio Negro (Brasil) (720 km)
- Rio São Francisco (3 160 km)
- Shatt al-Arab (200 km, 1 750 m³/s)
- Tigris (Irak) (1 900 km, 1 500 m/s)
- Ural (Russland) (2 428 km, 400 m³/s)
- Volga (Russland) (3 692 km, 8 060 m³/s)
- Vjatka (Russland)
- Vuoksen (Russland) (162 km, 540 m³/s)
- Vym (Russland) (499 km, 196 m³/s)
- Vytsjegda (Russland) (1 121 km)
Historiske elvar
endreMytologiske elvar
endreBakgrunnsstoff
endre- Wiktionary-definisjonen på hn/elv