Hn/Fortåg

(Omdirigert frå Hn/Fortòg)
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Fortau».

Eit fortåg er ein lùt av ein veg som er sett av til fotgangarar og folk i rullestol langs etter ein veg med bilferdsla. Ofte er fortåget skilt ifrå vegen ved å liggja høgre en køyrebana. I vegkrossar eller andre stader der fotgangarar skal kunna ganga yver vegen, er jadaren på fortåget jamna ut med køyrebana, slik at det vert lettare å koma yver vegen med rullestol eller barnevogn.

Fortåg i Skreida.

I Noreg er det lovlegt å sykla på fortåg um det er gjort med varsemd, og med godtykke frå fotgangarane. Det er forbode å køyra med bil eller motorsykkel på fortåg og å setja frå seg bilar heilt eller stykkjomtil på eit fortåg. Når ein fer yver fortåg med bil, hev dei køyrande vikeplikt for fotgangarar og folk i rullestol på fortåget.