Hoba er den største kjende enkeltmeteoritten i verda, og ligg nære Grootfontein i Namibia, staden der han òg vart funnen i 1920. Han er ein ataksittjernmeteoritt, veg rundt 60 tonn, er omtrent 3 × 3 meter på tvers og omtrent 1 meter djup. Han fekk etter kvart status som nasjonalmonument.

Hoba i 2007

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Hoba» s. 138 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.