Hof kyrkje i Åsnes

kyrkje i Åsnes i Innlandet
(Omdirigert frå Hof kyrkje i Solør)

Hof kyrkje er ei krosskyrkje frå 1860 i Åsnes kommune i Innlandet.

Hof kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Åsnes
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Solør, Vinger og Odal
Sokn Hof
Fellesråd Åsnes
Type Krosskyrkje
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Teknikk Mur
Material Tegl
Innvigd 17. oktober 1860
 - Vigd til Heilag-Olav
 - Endringar 1954–55, 2010
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Lars Pinnerud, 1740
Døypefont Kleberstein, 1200-talet
Altartavle Lars Pinnerud, 1740
Orgel Johannes Menzel Orgelbyggeri, 1984
Sitjeplassar 375
Kart
Hof kyrkje
60°33′03″N 12°01′03″E / 60.55083333°N 12.0175°E / 60.55083333; 12.0175
Wikimedia Commons: Hof kirke i Åsnes
Hof kyrkje
Foto: Carl Normann / Nasjonalbiblioteket

Hof har hatt kyrkje sidan mellomalderen. Då var ho på austsida av Glomma, men elveløpet har flytta seg sidan den tid, og både den gamle kyrkjestaden og den noverande er på vestsida. Altartavle, preikestol og døypefont er overført frå den førre kyrkja, som vart riven i 1861. I tillegg er eit par portalvangar å finne i Oldsaksamlinga.

Gravkapellet på kyrkjegarden vert no nytta som kyrkjestove.

Prestar ved Hof kyrkje frå 1557 endre

Namn Levetid Budde på prestegarden i tidsperioda Merknad
Oluf Ukjent 1557 Oluf var med sikkerheit prest i Hof i 1557 og er oppført som prest på prestegarden same år[1].
Søren Lauritzen Ukjent 1575 Var prest frå seinast 1575 i Hof kyrke til ein stad mellom 1605 og 1610
Søren Rasmussen Fødsel ukjent, død i 1616 Frå 1605/1610 til 1616
Oluf Lauritzen fødsel ukjent, død i 1628 Frå 1616 til 1628
Erik Madsen Grønvold Ukjent Frå 1628 til 1631 Frå Solør[2]
Thomas Friis Ukjent fødsel, død i 1645 Frå 1631 til 1645 Før han vart prest i Hof, var han prest i Rakkestad
Nils Christensten Dyding Ukjent fødsel, død i 1649 Frå 1645 til 1649[3]
Anders Jensen Ukjent fødsel, død i 1650 Frå 1649 til 1650 Tidlegare kapellan i Nannestad
Oluf Eriksen Ukjent fødsel og truleg død i 1659. Frå 1650 til 1659
Hans Jensen Kraft Ukjent fødsel, død i januar 1675 Frå 1659 til 1675 Oppførte det første manntalet for Hof sokn[4]
Oluf Thomassen Blix Født i 1650, død i 1687 Frå 1675 til 1687 Frå Fredrikstad
Nils Hansen Tanche Ukjent fødsel, død i 1718 Frå 1687 til 1718 Førte Hof kyrke si fyrste kyrkjebok frå år 1701[5].
Peder Olufsen Blix Født 1678, død 1728 Frå 1718 til 1728
Søren Sørensen Lemich (den eldre) Født 1696, død 1760 Frå 1728 til 1760 Under Søren si tid som prest vart Åsnes innvigd som ny kyrkje. I gåve til den nye kyrkja gav Søren eit dåpsfat av sølv: Det skjedde i 1738[6].
Søren Sørensen Lemich (den yngre) Født 1731, død 1797 Frå 1760 til 1797 Son av den tidlegare presten. I 1762 var han ansvarlig for ekstraskattemanntallet.
Niels Pettersen Født 1740, død 1812 Frå 1797 til 1804 Frå Danmark. Før han vart prest på Hof, hadde han vore prest på Bornholm og i Lom.
Andreas Fredrik Weidemann Født 1763, død 1847 Frå 1804 til 1847
Hof kyrke hadde ingen offisiell sokneprest mellom 1847 og 1849. Hof prestegard var derfor ubod, men jorda vart likevel dyrka.
Henrik Eilert Støren Født 1807, død 1867 Frå 1849 til 1861 Var òg ordførar i Hof.
Kristian August Krefting Født 1810, død 1897 Frå 1861 til 1884
Håkon Betrand Thomosen Født 1848 Frå 1885 til 1889 Frå Antwerpen
Hans Ellertsen Woll Født 1854 Frå 1889 til 1905
Hans Jentoft Aandstad Frå 1912 til 1940
Håkon Ulltveit Moe Født 1903 Frå 1941 til 1948
John Røstad Frå 1948 til 1958
Odd Bjørn Bertelsen Født 1922 Frå 1970

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.